Miss Jacobs gir ut singelen Nuclear Bomb i dag, tysdag.
Miss Jacobs gir ut singelen Nuclear Bomb i dag, tysdag.

– Dette er ein god gamaldags hatlåt

Miss Jacobs, Anne Sem-Jacobsen, gir ut singelen Nuclear Bomb i dag, ein låt der alle eksane skal få.

– Gratulerer med ny sommarsingel ute i dag. Korleis kjenst det å dele «Nuclear Bomb» med folket?

– Det kjennest heilt enormt bra. Eg jobbar med bandet Yang-Breakers, og dei finn på så mykje bra, dei er heilt magiske.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Singelsleppet har du jobba mot hardt og lenge. Fortel.

– Ja, me starta før jul, og mykje tid har gått med til planlegging. Eg sit i Hemsedal og lagar forslag på låtar og sender dei til bandet, og plutseleg var det ein låt eg kicka på, Murder, og me bestemte oss for å spele inn og produsere songen. I bilen på veg inn til Oslo vart det plutseleg klart at bandet hadde jobba fram noko kult på ein annan låt, Nuclear Bomb, som eg berre hadde skrive refreng til. Eg hadde 20 minutt på meg på å skrive låten før me var framme i øvingslokalet. Og det gjorde eg. Og det vart jo kjempebra. Dei valde rett låt.

– Du jobbar godt under tidspress?

– Eg plar skrive låtar på kort tid, og eg er vant med den «Her har du musikk. Skriv», og sju minutt seinare står det ein over skuldra mi og spør: «Er du ferdig?»

- I Nuclear Bomb syng du: «I’m a patient girl, I wait until it really hurts, Pay you back, Kick your sack, Nuclear bomb your mind» – kva er historia bak låten?

– Det er vel til ein eks, då. Eg trur eg på ein måte har samla opp gjennom alle så alle berre skal få. No er det på tide. Det er ein god gamaldags hat-låt. Men eg er jo slik når eg skriv ein tekst at eg tek litt frå verkelegheita og litt frå den verkelegheita som høyrast kulast ut, det er jo det ein gjer. Så blir det slemt og forferdeleg.

- «I resign», syng du vidare. Er du ein person som gir opp?

– Ikkje når det gjeld livet, jobben og slike ting, men eg har liksom gutar og alt det der i andre rekke, altså. Eg gidd ikkje. Når det blir for mykje styr, så gir eg opp og går vidare. Kanskje er det fordi eg har så innmari mykje artig med det eg gjer elles i livet: Hønefossrevyen med jule- og sommarshow, og eg kan drive med musikk som eg vil. Det er dette eg har levd av sidan 2011.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du har fleire låtar som alt blir spelt jamleg på radio, som Bubble Blue og Off/On. Heilt objektivt sett, kvifor blir Nuclear Bomb ein sommarhit?

– Fordi låten har alt; ein sterk og god tekst og eit pangsterkt band som veit kva dei driv med. Me har jobba med ein dyktig produsent, og siste hand på verket er gjort av Ted Jensen, som mellom anna har mastra Green Day og Rolling Stones.

– Når kan me høyre deg live i Hallingdal eller Numedal?

– Akkurat no er det vanskeleg sidan eg spelar revy kvar kveld, men me jobbar med saka, og det kjem til å bli noko til hausten.