Sommaren 1968 skreiv Hallingdølen at Kjell Håkon Opheimshaugen henta ny doning til transportfirmaet som faren Knut K. Haugen dreiv.
Sommaren 1968 skreiv Hallingdølen at Kjell Håkon Opheimshaugen henta ny doning til transportfirmaet som faren Knut K. Haugen dreiv.

Det starta i Hallingdal

Råvarer opp igjennom dalen og ferdigvarer nedover mot Oslo. Kjell Håkon Opheimshaugen starta med transport for DEFA om lag samtidig med at fabrikken vart etablert på Nesbyen.

– Me hadde all transport for DEFA i mange år. I tillegg frakta me byggevarer og anna til bedrifter i Hallingdal. Det starta med ein bil og vart etter kvart to-tre bilar.

Veteran

68-åringen er veteran innan transportbransjen. På 70-talet samarbeidde han med Eirik Noss Nestegard som dreiv transportfirmaet Roadbroker. I 1990 etablerte han, saman med dei sveitsiske eigarane, Hangartner i Norge. Selskapet, som no er seld til Deutsche Bundesbahn, vart etter kvart det største på kombinasjonsløysingar innan transport til og frå Skandinavia. Opheimshaugen bygde også opp denne verksemda i Sverige og Finland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei siste åra har eg bygd opp firmaet BlueCargo AS. Me satsar på miljøvennlege transportløysingar til og frå Europa. Togsambandet til Italia vart starta opp for fem år sidan. Det er eit samarbeid med ferjeselskapet Stena-Line og Kombiverkehr. Sistnemnde er den leiande i Europa på jernbanedelen av kombinerte transportar, fortel han.

Såg behov

Samarbeidet med Eirik Noss Nestegard den fyrste tida førte også til at han innsåg at Hallingdal var ein litt liten marknad å basere seg på.

– Me hadde heile tida fokus på transport til og frå Europa. Etter kvart såg me at det måtte koma andre løysingar enn rein biltransport. Det er i dag få norske transportfirma som køyrer biltransport internasjonalt.

Kjell Håkon Opheimshaugen frå Torpo har store delar av Kontinentet som arbeidsfelt.
Kjell Håkon Opheimshaugen frå Torpo har store delar av Kontinentet som arbeidsfelt.

– Det var i Hangartner-tida eg lærte det som blir kalla intermodale transportløysingar. Det vil seie at transportane nyttar ulike transportmiddel. Det gjeld å tilpasse seg og tenke nytt, seier han.

Transportopplegget gjennom Tyskland og Austerrike er i tråd med det styresmaktene her ynskjer. Vegnettet er sprengt, og det er sterkt press på å få godstransporten over på bane. Presset er så stort at det er viktig å sikre seg det som blir kalla framføringstid på banestrekningane.

– Me køyrer 1300 kilometer på 24 timar. For å klare dette må me naturleg nok ha ledig plass på banen når me kjem, fortel han.

I slekta

Kjell Håkon Opheimshaugen eig BlueCargo AS i lag med dei tre borna. Den eine sonen arbeider i firmaet.

– Far min Knut K. Haugen dreiv med lastebiltransport på Torpo. Sjølv starta eg med å køyre lastebil så fort eg vart gamal nok til det. Det var sjølvsagt ein stolt augeblink då eg sommaren 1968 kunne hente ny ut ein ny bil og henger frå forhandlaren på Hønefoss, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den gongen gjekk turen ut på Hallingdalsvegen. No går reisene til Verona og til Estland. Minst ein gong i månaden. Kjell Håkon Opheimshaugen er nøye med å halde hendene på rattet i verksemda han har bygd opp.