To snøskred - ver varsam

Det har gått snøskred både på Geilo og i Hemsedal.

Politiet fekk laurdag føremiddag melding om at det hadde gått fleire snøskred i Hallingdal. Ingen personar er tatt i skreda.

- Ver forsiktig ved ferdsel utanfor oppkøyrde løyper, understrekar Sør-Øst politidistrikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det eine skredet gjekk ved Halsane i Hemsedal og det andre ved Havsdalshovda på Geilo.

Nettstaden varsom.no melder om moderat snøskredfare i Hallingdal nett no.