Trafikksikkerheitsdagen er eit populært arrangement som ikkje kostar ungdommane ei krone å vere med på. På biletet: Alex Gabrielsen og Aleksander Bakken.

Det er ikkje berre sjåføren som kan gjere noko for tryggare trafikk: – Sei ifrå!

Isbanen på Tisleia er ei viktig brikke mot målet om null drepne og null skadde langs vegane. Isen er perfekt når ein skal lære å ratte.

Målet å halde fokus på øving og erfaring, og gi kunnskap om kva som skjer når ein tek dei dumme vala i trafikken. Det er fort å gløyme at det ikkje berre er lommebok og førarkort som kan få svi om ein køyrer for fort.

Dette er viktig å ha med i pannebrasken heile tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trafikksikkerhetsdagen for ungdom vart i år halden for 11. gong. Nært sagt alle etatar, foreiningar, lag og frivillige som brenn for at ungdom skal vera trygge bak rattet, er med på denne øvingsdagen på Golsfjellet.

Det blir lokka med spennande trekkplaster og gjennom åra har dette vorte populært. I miljøet blir dette blir sett på som ei positiv og artig hending. Mange kjem att, år etter år.

I år vart det Event-banen som vart trekkplaster, noko som viser seg å vere nok i seg sjølv.

Nærare 60 ungdommar stilte opp med bilar, UTV-ar, ATV-ar og nokre med raud L på bakluka og ein passeleg skremt far, mor eller bestefar ved sida av.

Ikkje berre breisladd og snøføyk

Dagen var lagt opp til at ungdommane skulle få med seg litt av kvart i tankeboksen heim, og difor var det obligatorisk møteplikt før start.

Då var dei med på ein innføring i reglar og korleis køyre trygt på banen.

Men for at dagen skulle gi eit skikkeleg inntrykk, så la dei opp til noko som kunne få folk til å tenke konsekvensane også.

Kari Birgit Møllerplass er ikkje berre politi. Ho er også ei mor, med ungar i rett alder. Og ho har sett mykje gjennom åra, som kunne vore unngått.

I år var det politiet som gjorde ein suveren innsats. Kari Birgit Møllerplass snakka om ei hending som skjedde for berre få år sidan, der eit ungt menneske mista livet i ei tragisk ulykke. Ho fortalde om korleis familien hadde opplevd dette, og om korleis eit slikt tap kan øydelegge meir enn eitt liv. Denne personen var verken påverka av rusmiddel eller anna. Men mangla bilbelte og hadde kanskje litt høgare fart enn han burde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho snakka generelt om korleis me bør tenke når me vel å sette oss bak rattet i påverka tilstand, tråkkar for hardt på gassen eller sjansar på dårleg gjennomtenkte forbikøyringar.

Ein viktig ting ho påpeikte var kva som skjer etter ei alvorleg ulykke. Tenker du på om du set deg sjølv, passasjerane dine og andre trafikantar i fare? Kva om det skjer noko? Kva om kameraten din, som sat ved sidan av deg, døyr fordi du køyrde utan å tenke konsekvensar? Korleis vil det vere å ha denne bagasjen med seg vidare?

Møllerplass sette ord på det som mange tenker når dei opplever «villmannskøyring» langs vegane, men som er fort å gløyme når ein sjølv sit bak rattet med suget etter litt adrenalin.

«Mor» held siste velkomsttala

Turi Gjestemoen, altså mor til heile dette konseptet, ynskte velkommen for siste gong. Ho har vore primus motor i dette prosjektet, og har mange timar bak seg for å halde dette i gang, år etter år.

Turi Gjestemoen i Statens vegvesen takka for seg og ynskja alle lykke til med isbanekøyring og trening. (Arkivbilete frå tidlegare arrangement)

Gjestemoen er tilsett i Statens vegvesen og det er gjennom dette at ho har fått rolla. Stafettpinnen gav ho vidare til Helene Rustberggard som skal prøve, saman med teamet, å halde dette prosjektet i gang i åra som kjem.

– Me er kjempestolte over å sjå at de er med oss kvart år. Me har eit mål om null drepne og null skadde i trafikken. De skal få køyre, lære og vere med på eigentrening. Dette er kjempe viktig, spesielt for dei frå 16 års alderen og oppover og som er fyrstereisgutar og jenter, sa Gjestemoen til ungdommane og foreldra som sat samla før køyringa.

Helene Rustberggard tek over roret, og har planar om å dra i lang mange fleire slike arrangement.

Tør å seie frå

Gjestemoen er opptatt av at det er ikkje berre sjåføren som kan gjere noko for tryggare trafikk. Også passasjerane kan gjere sitt.

– Sei ifrå, oppfordrar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å vere sikker på at alle skjønte kva ho prata om, kom ho med eit eksempel:

– Om de er ute og køyrer og de sit på. Du kjenner det knurrar i magen, farten er heilt for jævlig. Den forbikøyringa som vart tatt no, der kunne det kome eit vogntog i mot. Når du kjenner den knurringa i magen, så er det fleire i denne bilen som kjenner på dette, at dette kunne gått gale. Då må DU seie frå, for det er garantert fleire i den bilen som kjenner det same. Du må vere kongen i bilen, då.

Jentene ser konsekvensane lettare

Konsekvenstenking er ikkje noko som ligg ferdig produsert i hovudet, men er noko som må modnast og trenast opp. Dette var også noko som Gjestemoen forklarte godt.

– De gutar, det er noko som heiter frontallappen som ligg framme i pannebrasken. Den har med konsekvenstenking å gjere. Denne modnast etter kvart, men hos gutar så er den ikkje heilt moden før i 25-års alderen. Hos jentene er den moden i 18-års alderen. Så gutar, høyr på jentene. Det er dei som er klare i topplokket, når det gjeld slikt. Og jentene, dei må de ha med i bilen, kvar gong de er ute og køyrer, sa Gjestemoen og smilte lurt til gutane framfor seg.

– De kjem til å få ein knallfin dag på Tisleia, og bruk dagen og frikøyringa max, avslutta Gjestemoen velkomsttala med, og ynskte samstundes alle ungdommane lykke til.

Film frå årets arrangement: