Området der brannen braut ut ligg nær Sundre barnehage i Ål, Prestegardslåven og eit bustadfelt.
Området der brannen braut ut ligg nær Sundre barnehage i Ål, Prestegardslåven og eit bustadfelt.

Det er svært tørt - ver forsiktig med eld

Det braut ut ein grasbrann i Ål sentrum tysdag ettermiddag.

Både politi og brannvesen rykte i ettermiddag ut til ein grasbrann i Ål sentrum.

Brannvesenet fekk melding om brannen ved 16-tida. Ei skråning med tørt, gammalt gras ved Sundre barnehage og Prestegardslåven stod i brann. Like inntil ligg også eit bustadfelt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannvesenet kom raskt til staden og fekk sløkt elden. Ein fekk også vatna eit større område for å unngå at elden skulle blusse oppatt. Ingen personar kome til skade. Politiet kan førebels ikkje seie noko om brannårsaka.

- Brannen syner at folk må vere forsiktige, seier innsatsleiar Ingar Danielsen ved Hallingdal brann- og redningsteneste. 

– Det kan vere lett å la seg friste til å brenne fjorgamalt gras. Men det er svært tørt i overflata. Dersom det er litt vind, slik det var i ettermiddag, kan brannen raskt kome ut av kontroll. Så ver forsiktig, oppmodar Danielsen.