Økonomisjef Ole Bjørn Flatåker (t.v.) og rådmann Lars Ole Skogen presenterte økonomiplan og budsjettforslag for 2015 for politikarane i Hol onsdag.
Økonomisjef Ole Bjørn Flatåker (t.v.) og rådmann Lars Ole Skogen presenterte økonomiplan og budsjettforslag for 2015 for politikarane i Hol onsdag.

– Det er håp for Hol

Politikarane i Hol får nye utfordringar når dei no tek til med budsjettet for 2015.

For dei økonomiske utsiktene framover er ikkje lyse i Hol.

Kraftinntektene minkar, det same gjer skatteinntektene. Lånegjelda, som er eit resultat av frisk satsing og utbygging dei siste åra, vil kunne strekkje seg mot 450 millionar kroner. Konsekvensen er at det blir mindre investeringar dei neste åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Strammar livreima

Rådmann Lars Ole Skogen og økonomisjef Ole Bjørn Flatåker presenterte onsdag morgon forslag til årsbudsjett for 2015 og økonomiplan for perioden 2015–2018.

Bodskapen var klar: Dei totale driftsutgiftene må reduserast med om lag 6 prosent.

– Me har driftsutgifter omkring 500 millionar. Me skal klare å kutte ned utan å rasere tilbodet, seier Flatåker.

– Me strammar livreima med 5–6 prosent, om lag 30 millionar. Det er ei stor utfordring. Men dersom dei rette tiltaka blir gjort no, klarer Hol å tilpasse den nye økonomiske situasjonen i løpet av denne økonomiplanperioden frå 2015-2018, seier Skogen.

For det blir lagt til rette for at tenestenivået framleis skal vere høgt. Samstundes veit både administrasjon og politikarar at Kostra-tala viser at ressursbruken innanfor ulike sektorar ligg langt høgare enn samanliknbare kommunar. Mellom anna gjeld det kultur- og oppvekst som også i denne budsjettrunden må førebu kutt, anslagsvis på 10 millionar.

Eigedomsskatt?

Det er inntektssvikten i kraftsektoren som er hovudårsaka til at kommunen dei siste to åra har kutta i budsjetta.

Inntektene har gitt kommunen eit solid økonomisk fundament. Men på berre få år har kommunen fått inn 27 millionar mindre frå kraftsektoren. I 2012 var inntektene frå kraft på 90 millionar medan dei i fjor kom inn 54. Det ser ikkje lysare ut framover.

– Dette påverkar budsjetta med ein gong. Inntektssvikten er vesentleg. Og prognosane framover tyder ikkje på at inntektene vil auke, seier Flatåker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Difor har han saman med Skogen sjølvsagt vurdert andre inntektsmoglegheiter. Blant dei eigedomsskatt. Frå 2016 blir inntektspotensialet anslått til 17 millionar kroner om ein tek utgangspunkt i 2000-kroner per skatteobjekt. Likevel kan ikkje inntektspotensialet reknast ut nøyaktig før endeleg taksering er gjennomført. Ein reknar om lag 8000 skatteobjekt i Hol kommune: 2500 bustadhus og 5500 hytter.

Mindre til investering

Det blir også mindre pengar til investeringar.

Berre i løpet av dei siste sju åra har kommunen investert for godt over 500 millionar kroner med mellom anna nytt bibliotek, ny barnehage og nye Geilo sentrum. I den kommande planperioden er det hovudsakleg opprusting av vass- og kloakknettet som er den tyngste investeringa.

Neste veke startar formannskapet budsjettbehandlinga. Mykje skal vere avklara innan 13. november når budsjettet blir lagt ut til høyring. I desember vedtek kommunestyret budsjettet for 2015.