Reinsbukken, som vart observert ved fylkesgrensa mellom Buskerud og Sogn, hang med hovudet, sleva og viste ingen synleg frykt for menneske.
Reinsbukken, som vart observert ved fylkesgrensa mellom Buskerud og Sogn, hang med hovudet, sleva og viste ingen synleg frykt for menneske.

– Det er ein ekstremt alvorleg situasjon

- Det er på tide å innsjå alvoret for Nordfjella-reinen, meiner professor.

Atle Mysterud er professor ved Universitetet i Oslo, og sit i Vitskapskomiteen for mattryggleik. Han er ein av fleire forskarar som talar for sanering, dersom ein kan fastslå at smitten ikkje alt har spreidd seg. Og han meiner det er på tide at ein innser alvoret i situasjonen for villreinen i Nordfjella.

– Inkubasjonstida er sett til halvtanna til to år. Sit me på ei tikkande bombe?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det me veit om prionsjukdomer er at dette ikkje er ei bombe som smell. Tvert i mot er det noko som tikkar og går. Kanskje finn me nokre fleire tilfelle til hausten, og så går det ei stund før me finn nokre få nye. Skrantesjuke eksploderer ikkje i bestanden, men spreier seg sakte. Det er vanskeleg å spå sjukdomsutviklinga. Me har sjukdommen på rein. I USA har dei den på fleire andre artar av hjortedyr. Kor sosiale dyra er, har mykje å seie for smittespreiing. Me trur at sjukdommen spreier seg raskare på rein, då dei er veldig sosiale dyr, seier Mysterud.

Historisk mogelegheit

– Ein må ikkje tru at me plutseleg kjem til å finne store mengder døde dyr. Men det er likevel ein ekstremt alvorleg situasjon. Ein må ikkje la det at sjukdomen utviklar seg sakte bli eintydig med at ein har god tid. Det blir inga krise om me ikkje gjer noko i morgon, dette handlar meir om korleis me vil ha det om 20–30 år. Dette er ein sjukdom som går litt under radaren, men når ein plutseleg oppdagar at det aukar i omfang, er det gjerne for seint. Om det faktisk er slik at sjukdomen berre finst i Nordfjella, så har me no ein historisk mogelegheit til å overvinne sjukdomen.

– Dødsstempel

– Fresvik foreslår å ta ut 25 prosent av villreinstammen for vidare prøvetaking og analyse. Kva meiner du om det?

Atle Mysterud (t.v.), professor ved Universitetet i Oslo.
Atle Mysterud (t.v.), professor ved Universitetet i Oslo.

– Me må fyrst og fremst tenke på at bekjempinga av sjukdomen også skal gjennomførast i praksis. Det er ikkje berre berre å skyte ut så mange dyr. Men eg meiner det vil vera ekstremt fornuftig å auke kvotane, og gjerne til meir enn 25 prosent av stammen. Kanskje til 50. Eg meiner det er sannsynleg at bestanden i Nordfjella har fått eit slags «dødsstempel i panna». Det å byggje opp meir kunnskap om smitten der, blir meir som folkeopplysing. Om smitten i Nordfjella dør ut, vil det i så fall vere ein sensasjon. Sjansen for at det skjer, er veldig liten, ut ifrå erfaringar i Nord-Amerika. Eg er meir oppteke av området rundt Nordfjella. Me har til dømes godt grunnlag for å seie at det så langt ikkje finst mykje smitte blant tamreinen til Filefjell Reinlag, seier Mysterud. – Men me veit for lite om andre område. Me vil jo helst vite at me berre har sjukdom på rein i Nordfjella før me gjer drastiske tiltak.

– Einig med Fresvik

Har smitten alt spreidd seg, er situasjonen ein annan, meiner Mysterud. Så langt er det testa få dyr utanfor Nordfjella. Om det finst CWD-smitte i villreinområde som til dømes Hardangervidda og Norefjell-Reinssjøfjell er enno ikkje sikkert.

– Det er ufatteleg trist at me ikkje veit noko meir sikkert. På Hardangervidda er det ikkje testa frå stort meir enn dei 323 dyra som vart drepne av eit lynnedslag. Av desse vart kring 250 vaksne dyr testa. Kor representativt er det for heile Vidda?, spør Mysterud. – Forvaltninga må handle no. Kanskje er det fornuftig å begynne med å minke bestanden, litt eller mykje. Samstundes bør ein passe områda rundt, og opparbeide eit betre inntrykk av smittebiletet. Eg forstår utmerka godt at lokal forvaltning og jegerar stiller kritiske spørsmål. Det ville vore trist om det ikkje skulle vore debatt kring å ta ut villreinstammen i Nordfjella. Eg forstår at det er vanskeleg, men eg er einig med Fresvik i at det er farleg å berre la det surre og gå, seier Mysterud.