Årets sommarvikarar i Hallingdølen. F.v.: Liv Lilleslett, Mari Kaslegard, Kristiane Bekkestad og Beate Bjella.

Desse fire er årets sommarvikarar i Hallingdølen: – Held eit skyhøgt nivå

Hallingdølens sommarvikarar er på plass. Med ulike bakgrunnar og studieløp gåande er dei klare til å sette sit preg på avisa gjennom sommarmånadene.

Seint i juni var dei fleste på plass og gjekk laus på sin fyrste dag som journalist på heimebane. Alle er nemleg frå Hallingdal. Ein kjem frå Hovet og tre kjem frå Ål.

Tilfeldig

Kristiane Bekkestad studerer for tida film i USA. Det kombinerer ho med ein alpin-karriere. 25-åringen frå Breie i Ål har utmerkt seg på fleire nasjonale og internationale renn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men at ho hamna her i sommar, er noko meir tilfeldig.

– Eg sende Hallingdølen ein mail å spurde om eg kunne bidra i podkast-satsinga. Då fekk eg til svar eg heller kunne få prøve meg som sommarvikar, seier Bekkestad.

Ho var lenge usikker på om ho i det heile tatt skulle vera i Norge i sommar. Men med jobbtilbod og fleire bryllaup ho ikkje ville gå glipp av, bestemte ho seg for å ta ein sommar heime.

– Det er kjempegøy! Det er artig å få eit innblikk i kva som skjer i ein redaksjon. God stemning på jobb og mellom kollegaer, seier Bekkestad.

– Og vitsane på morgonmøte, ler ho.

For alpinisten er filmutdanninga relevant i journalistikken for Bekkestad som har eit auge til dokumentarar. Ho seier journalistikk har gitt meirsmak.

Studerer i Volda

For Liv Lilleslett var det ikkje like tilfeldig at det vart ein sommarjobb i ein nyheitsredaksjon. Lilleslett studerer nemleg journalistikk på Høgskulen i Volda.

– Det er stas å få jobb her, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan ho var 12, har ho hatt sommarjobb som budeie heime i Hovet. No skal 24-åringen som alt har ein bachelor i lomma snart starte på sitt siste år i Volda. Då er det greitt å få praksis frå andre stader enn internt på skulen.

– Dette er kjempespennande og gir mykje meistringskjensle. I tillegg er det mange hyggelege folk her.

– Kva liker du best å skrive om?

– Veldig interessert i kultur, men også politikk. Folks meiningar er interessant.

Etter studiane kjem Lilleslett til å slå seg ned «der ho får jobb». Ho meiner at det å skaffe seg erfaring frå andre stader enn Hallingdal, berre er sunt.

Alle er vakse opp med Hallingdølen som lokalavis. No skriv dei sjølv i den. F.v.: Liv Lilleslett, Kristiane Bekkestad, Mari Kaslegard og Beate Bjella.

Blir kjend med heimstaden

Beate Bjella er 22 og studerer statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Ålingen har vekse opp med ein far som jobba i lokalavisa og har lese Hallingdølen heile livet.

– Og detta er jo relevant for det eg studerer.

– Kor vil du ende opp i yrkeslivet?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det skal eg ta litt som det kjem.

Akkurat no seier Bjella at ho trivst godt i Hallingdølen. Ein jobb kor ho blir enda betre kjent med heimstaden. Og sjølv om ho ikkje har planen klar for kva ho skal bli, er det kanskje ei journalistspire i dottera av den mangeårige Hallingdøl-journalisten Stein Torleif Bjella.

– Då eg var 10 år starta eg og venninna mi «Øvre Åls Tidene». Den skreiv me ut på skrivaren heime til, pappas frustrasjon, ler ho.

Likar å ha kunne velja

Også frå Øvre Ål kjem Mari Kaslegard. Naboen til Bjella er 20 og studerer sosialantropologi i Trondheim. Kanskje bytter ho studiar til hausten. Mari likar å velja.

– Eg studerer ting eg likar å drive med, seier ho sjølv.

I tillegg er ho journalist i studentavisa «Under dusken», den eldste nolevande studentavisa i Skandinavia. Her skal ho bli aktualitetsredaktør til hausten.

– Kanskje det var denne erfaringa som gjorde at eg fekk jobb i Hallingdølen, seier Kaslegard som røper at ho i søknaden skreiv «Eg har ein leikande penn og eit hjarte som bankar for nynorsk».

– Kva er det beste med å koma hit?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å få skrive, og møte spennande folk. Eg har fått ei oppvakning på kor mykje som finst i Hallingdal. I tillegg har foto vore både utfordrande og artig.

Kaslegard håper ein sommarjobb i Hallingdølen kan gjera at det opnar seg fleire moglegheiter for henne i framtida.

– Dei vart sendt på djupt vatn fyrste dagen. Dei synte seg å vera høgst svømmedyktige, seier redaktør Lillian Holden som dei fire sommarvikarane.

– Skyhøgt nivå

– Årets sommarvikarar held eit skyhøgt nivå, seier redaktør Lillian Holden.

– Me har fire flinke, stødige og artige jenter å ha i redaksjonen.

Sjølv om ingen av dei har jobba som journalistar tidlegare, har dei tatt utfordringane på strak arm.

– Dei vart sendt på djupt vatn fyrste dagen. Dei synte seg å vera høgst svømmedyktige.

Holden meiner det er ei vitamininnsprøyting til redaksjonen når vikarane kjem.

– Det er ei artig tid på året. Dei kjem med nytt blikk og nye idear. At alle er lokale er også ein styrke. Dei brukar også nynorsk, alle saman. Derfor er dei stødig reint språkleg også, smiler redaktøren.

Artikkelen held fram under annonsen.