Styreleiar Rune Hagberg i Flå Spareforening, til venstre, og distriktssjef Gjermund Stave fotografert av Hallingdølen tidlegare i år etter ei ombygging i butikken.
Styreleiar Rune Hagberg i Flå Spareforening, til venstre, og distriktssjef Gjermund Stave fotografert av Hallingdølen tidlegare i år etter ei ombygging i butikken.

Denne butikkeigaren gir tilbake av overskotet

Flå Spareforening gjer ikkje som andre butikkeigarar. Dei deler noko av overskotet med lokalsamfunnet.

I år er det fordelt 530.780 kroner til lag og foreiningar i Flå.

– Flå Spareforening ønskjer at mest mogleg av framtidige inntekter skal kome lokalsamfunnet til gode, seier styreleiar Rune Hagberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

God drift

Flå Spareforening har drive butikk i Flå sidan 1872.

I 2010 vart spareforeininga deleigar i den nye Kiwi-butikken som vart etablert i kjøpesenteret som Olav Thon bygde. Gjennom selskapet Mathuset AS eig spareforeninga halvparten av butikken, den andre halvparten eig NorgesGruppen. Kiwi-butikken omset for omkring 75 millionar i året, ifølgje Hagberg. Overskotet er omkring fem millionar. Noko av overskotet går til naturlege avsetningar og resten til utbytte der spareforeninga får 50 prosent. Dei siste to åra har det dreidd seg om omkring 1,5-1,7 millionar. I 2018 var det noko mindre på grunn av ombygging i butikken og mellom auka utgifter, seier Hagberg.

Deler ut

Sidan 2014 har spareforeninga ein gong i året betalt ut delar av overskotet. I år har desse fått pengar frå butikken:

9. klasse på Flå skole (Polen-tur) kr 10.000, Flå Frivilligsentral (mat og leksehjelp til barn ved Flå skole) 15.000, Flå Husflidslag 13.280, Flå Menighetsråd (tilskot til orgelpipe) 50.000, Flå Pensjonistforening 10.000, Flå Revmatikerforening 10.000, Flå Røde Kors (redningshengar) 50.000, Flå Skolekorps 15.000, Flåheimens venner 15.000, Gulsvik Velforening 30.000, IL Flåværingen (friidrett) 20.000, IL Flåværingen (støtte til administrasjon og drift) 150.000, IL Flåværingen (innreiing av nytt klubbhus) 50.000, IL Flåværingen (Norway Cup) 5000, IL Flåværingen (Vassfardansen) 50.000, Nedre Hallingdal Forsvarsforening 5000, Ursus treningssenter 32.500.