Elling Agder vart skoten nedanfor Liaset i Nes 6. oktober 1944.
Elling Agder vart skoten nedanfor Liaset i Nes 6. oktober 1944.

Den blodige dagen i Nes

6. oktober 1944 var den blodige dagen i Nes. Då vart tre motstandsmenn drepne av tyskarane. Dette er historia om ein av dei, dommarfullmektig Elling Agder.

Men denne historia er, i motsetnad til dei andre lokale forteljingane om det som hende, fortald med ei ny kjelde.

For sonen til Elling Agder, Erling, dukka for 10 års tid sidan ned i historia til faren. Han har saumfare krigsarkiv og lese dokument frå rettsoppgjeret etter krigen, og ein artikkel vart publisert i eit lokalhistorisk tidsskrift i Tvedestrand.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Elling Agder er gravlagd på Dypvåg i Tvedestrand. Eg hugsar eg som liten alltid besøkte grava då me hadde vore i kyrkja. «Norge takker deg», står det på gravsteinen. Difor har folk lurt. Kven er dette? Kva er historia? seier Erling Agder.

Det tok 60 år før han skreiv historia om faren. Lokalt er det skrive mykje om tragedien på Liaset, men med hjelp av Erling Agder får ein kasta nytt lys over ein av dei mørkaste dagane i Nes-historia – 70 år etter.

Hausten 1944:

Dommarfullmektigen i Nes, Elling Agder, har budd i bygda sidan han vart tilsett 1. september 1942.

Elling Agders son Erling (t.v.), kona Lisbet og barnebarnet Jørgen på staden der Elling Agder vart skoten. Biletet er frå 1992.
Elling Agders son Erling (t.v.), kona Lisbet og barnebarnet Jørgen på staden der Elling Agder vart skoten. Biletet er frå 1992.
Kvar 17. mai heidrar Nes dei falne under andre verdskrig. Etter seremonien ved dei engelske gravene går turen til bautaene. Her blir mellom anna Elling Agder og Hans Petter Schwenke minna.
Kvar 17. mai heidrar Nes dei falne under andre verdskrig. Etter seremonien ved dei engelske gravene går turen til bautaene. Her blir mellom anna Elling Agder og Hans Petter Schwenke minna.
Elling Agder og flygar Hans Petter Schwenke.
Elling Agder og flygar Hans Petter Schwenke.
I dag er det kinarestaurant i dette kjende bygget i Nesbyen sentrum. Men for 70 år sidan var det Dokkens pensjonat. Her budde Elling Agder og doktor Arnfinn Teigen. Det var også her Knut Hjallen flykta frå Gestapo.
I dag er det kinarestaurant i dette kjende bygget i Nesbyen sentrum. Men for 70 år sidan var det Dokkens pensjonat. Her budde Elling Agder og doktor Arnfinn Teigen. Det var også her Knut Hjallen flykta frå Gestapo.

Han er aktiv i Milorg og rekna som ein rettskaffen mann.

Agder var fødd i Punta Arenas i Chile 10. mai 1914. Far hans var tilsett i eit chilensk reiarlag. Seinare same år flytta familien tilbake til Norge. Seinare tok Agder artium og fullførde universitetsutdanninga. I 1939 vart han cand.jur. I 1934 møtte han Elisabeth Selmer, berre kalla Lisbet, og dei gifta seg i 1941. I 1944 vart sonen Erling fødd. I aprildagane 1940 verva Agder seg til kamp mot tyskarane, men 16. april la avdelinga ned våpna. Han vart fengsla på Grini, men slapp ut i juni 1940. Denne hausten bur Agder saman med Lisbet og Erling på Dokkens pensjonat.

4. oktober 1944:

På Liaset og ved Øyvatn ligg 14 motstandsmenn, blant dei fleire lokale, i treningsleir. Dei får opplæring i våpenbruk, bruk av sprengstoff og geriljateknikk. Dei tek også imot slepp frå engelske fly. Men inne i hytta går eit vådeskot av frå colten til Ovar Andersen gjennom leggen på nesningen Nub Østenfor. Østenfor blir kommandert til sjukehuset i Drammen av doktor Arnfinn Teigen, som trass frykta for tyskarane har undersøkt såret. Erik Persmoen køyrer bilen saman med Hans Jorde og Gudbrand Dokken. Tidleg om morgonen kjem bilen med følgjet til Drammen. Men i Drammen blir dei stoppa i ein tysk politikontroll.

Ifølgje John Midtbø som skreiv om saka i Hallingdølen i 2004, var det gjort kjend gjennom ei hemmeleg melding til Stockholm at følgjet frå Nes var avslørt av lokale angivarar.

Sikkert er det at dei hamnar i trøbbel. For eit brev frå Teigen til sin svoger og lege Magnus Dahle, der Teigen fortel om skadane Østenfor har, ein engelsk feltpakning og ein sekk snørt att med fallskjermsnorer avslører oppdraget. Kriminalassistent Erwin Heinrich Doose i det tyske tryggleikspolitiet Sipo anar uråd. Brevet og skotsåret til Østenfor avslører alt. Dei blir tekne med og avhøyrd, og under avhøyra blir opplysningar om Milorgs treningsleir ved Øyvatn avslørte.

Artikkelen held fram under annonsen.

5. oktober:

No var Gestapo med den berykta Klaus Grossmann i spissen på sporet av motstandsmennene i Nesfjellet.

Saman med SS Staffelführer Ernst Eduard Nickerl og tolken Henrik Andreas Broch-Moe reiser dei til Nesbyen seint om ettermiddagen.

Samtidig var om lag 90 soldatar frå Wehrmacht på veg frå Hønefoss. På same tid i Nesbyen veit Agder at tyskarane er på veg. Doktor Teigen har fått ein mystisk telefon frå Drammen sjukehus. Personen vil forsikre seg om at det er eit skotsår Østenfor har, noko Teigen stadfestar. Agder får høyre om telefonsamtalen, og frå fru Teigen får han høyre om brevet Teigen har sendt med Østenfor til Drammen. Det er ikkje vanskeleg å trekkje konklusjonen. Om kvelden blir Teigen og kona sende i skjul medan Agder og Knut Hjallen i Teigens legebil reiser for å varsle Milorg-karane på Liaset. Dei møter Knut Eidal, ein lokal motstandsmann, som varslar karane ved Øyvatn. Seinare skal det vise seg at fleire av karane ikkje tek åtvaringane på alvor.

– Om kvelden 5. oktober tok far med mor ut på ein kveldstur gjennom sentrum mot Hajembrua. For fyrste gong fortalde han mor at han var motstandsmann. Han vart med i Milorg med det same han kom til Nes i 1942, og ho visste nok at han dreiv på med noko. Men ho visste ikkje kva, seier Erling Agder.

– Han fortalde at han måtte til Liaset for å varsle. Men så fortalde han mor: «Dersom eg nokon gong blir teken til fange, vil eg prøve å rømme.»

Som me skal sjå er det ein setning som kan forklare kva som skjedde med Elling Agder få timar seinare.

6. oktober:

Ved 02-tida denne oktobernatta kjem Agder og Hjallen tilbake til Nesbyen frå Liaset. På veg ned mot sentrum har dei fått tilbod om overnatting av Knut Gulbrandsen som bur hjå familien Mathismoen i Tollefsgard. Dei takkar nei, og køyrer til Dokkens pensjonat der Teigens legebil står til vanleg. Dei trur det er sikrast slik. Men der står også Grossmann og Gestapo-følgjet hans. To punkteringar har forseinka Grossmann, så reint tilfeldig blir det til at Gestapo kjem til Dokkens pensjonat berre minutt før Agder og Hjallen.

Grossmann har akkurat spurd Randi Dokken om kor han kan finne doktor Teigen. «Der kjem han», utbryt ho då ho ser Teigens bil kome køyrande. Agder og Hjallen går rett i fella. Gestapo finn kart i Agders sekk, og Agder innrømmer at han er fenrik og at han difor ber med seg karta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avhøyr

Grossmann fekk Agders legitimasjonspapir inne på Dokkens pensjonat i rommet der også Agders kone, Lisbet, og sonen Erling på få månader var. Grossmann studerte papira nøye.

Lisbet Agder fortalde i ettertid at Elling då hadde sett på ho med eit blikk som berre kunne tolkast på ein måte: Dette kan gå forferdeleg gale.

På same tid har Knut Hjallen, som vart passa på av to Gestapo-folk utanfor pensjonatet, klart å finne fram pistolen frå buksa. Han trugar gestapistane og legg på sprang mot Rukkedøla medan skota haglar rundt han. Nickerl skal ha treft jakka til Hjallen, men han kom seg unna. Då trappa Grossmann opp avhøyret av Agder. I rommet ved sida av høyrer Lisbet at mannen hennar blir utsett for eit tøft avhøyr med slag mot ansiktet, noko Nickerl stadfesta i sine politiforklaringar etter krigen. Agder tilstod at han hadde varsla «illegalister» i fjellet om at Gestapo var på veg.

Om morgonen trappar Gestapo opp jakta på Milorg-karane på Liaset. Agder skal vise veg. Han blir påførd handjern, og for å skjule handjerna har tyskarane skore hol i lomme på frakken hans. På Liaset deler Gestapo og Wehrmacht seg i tre grupper. Agder skal leie an i den eine av dei saman med mellom anna Nickerl.

Kva som då skjedde, får me aldri vite. Men faktum er at Elling Agder vart skoten – med sju skot i ryggen.

– Han prøvde å stikke

– Gestapo tok med seg far som kjentmann for å finne nordmennene på Liaset. Ifølgje det Grossmann fortalde lensmann Johs. Høva 7. oktober skulle far også åtvare nordmennene mot å gjere motstand. Eit stykke nedanfor Liaset skal far då plutseleg ha sprunge til skogs. «Då skyt me alltid», sa Grossmann til Høva. Høva bekrefta dette i eit brev datert 15. november 1945 til etterforskaren i saka.

– Om føremiddagen 7. oktober kom Grossmann på rommet til mor på Dokkens pensjonat der eg også var. Mor ana uråd. Grossmann tok med mor inn på rommet ved sida av – han ville vekk frå barnet som han sa- og fortalde kva som hadde skjedd. «Eg beklagar, men det er krig», skal Grossmann ha sagt, seier Erling Agder.

Ingen tok ansvaret

Vart Elling Agder avretta eller prøvde han å rømme?

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter krigen ville ingen ta på seg ansvaret for å ha skote Agder. Ingen vart heller dømde i Landssvikoppgjeret. Også lokalt sprikar teoriane. Lensmann i Nes, Johs. Høva, fortalde at Grossmann hadde stadfesta at Agder prøvde å rømme. Fleire hevdar, som Kåre Olav Solhjell i boka Krigsår i Hallingdal, at det er lite sannsynleg at Agder flykta all den tid han var i handjern og med tyskarar på alle kantar.

Jon Rønningen meiner i Nesboka II at det mest innlysande er at Agder prøvde å flykte. Endeleg kan historia også støtte seg på Erling Agders forteljingar der han fortel om beskjeden faren gav mora Lisbet nokre timar før han vart arrestert: Han ville rømme dersom han vart teken til fange.

Dessutan må ein også vurdere følgjande: Agder visste at kollegaene på Liaset var i livsfare. Han visste også at han ved å vere vegvisar for tyskarane ville leie tyske soldatar rett i fanget på motstandsmennene ved Øyvatn.

Kunne Agder, som røynd motstandsmann, leve med det? Sannsynlegvis ikkje. Svaret får me likevel aldri. Agder vart skoten, og Grossmann, som kunne ha oppklara mykje av saka, skaut seg sjølv i mai 1945.

Hardt slag

Tapet av ektemannen gjekk hardt inn på Lisbet. Ho kom eigentleg aldri over det.

Fredsdagane klarte ho ikkje nyte i det heile. Og Erling Agder fekk aldri nokon far å vekse opp med. Lenge skauv han historia om faren vekk.

– Historia eg har skrive og gått gjennom handlar om mitt eige forhold til min far. Mannen som var min far gjekk frå å vere krigshelt til far gjennom ein bunke med brev eg fekk i 2004. Det siste hadde han skreve berre seks dagar før han vart skoten, seier Erling Agder.

Kvar 17. mai blir Elling Agder heidra når nesningane tradisjonen tru minnest nesningar som fall i ulike krigar. På den eine av bautane ved Nes kirke er namna Elling Agder og Hans Petter Schwenke hogde inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Erling Agder har aldri vore til stades på Nesbyen ein 17. mai. Men han har fleire gonger vore på staden der faren hans vart skoten, saman med sonen Jørgen og mora Lisbet. Der står det også ein minnestein.

Dersom eg nokon gong blir teken til fange, vil eg prøve å rømme.

Elling Agder, Milorgsoldat

Eg beklagar, men det er krig.

Klaus Grossmann, Gestapo

Kva som då skjedde, får me aldri vite. Men faktum er at Elling Agder vart skoten – med sju skot i ryggen.

Etter at Elling Agder var skoten, jakta tyskarane på resten av motstandsgjengen på Liaset.

Amund Rasmushaugen og Ovar Andersen fortalde etter krigen at dei høyrde tyskarane kome.

I vill flukt stakk dei til skogs i det uoversiktlege terrenget. Det var til deira fordel. Men Kjell Andersen og Arne Wibe hamna i trøbbel. Dei budde på ei øy ute på vatnet, og prøvde å flykte ved å ro ut på vatnet i ein båt. Dei kom seg ikkje unna kulene til tyskarane og vart søkte i vatnet. Dei vart funne etter krigen.

Nes vart råka hardt hausten 1944. 17. september styrta eit Lancaster bombefly frå den berømte 617-skvadronen på Saupeset. Ni menn mista livet. Lenge vart det spekulert i om det var 10, 11 eller 12 om bord på flyet. Lokalt rekna ein med 10 omkomne ettersom det er 10 gravsteinar på kyrkjegarden. Men undersøkingar Hallingdølen fullførde i fjor haust viste at britiske styresmakter alt i 1946 konkluderte med ni omkomne. Dei lét berre vere å informere lokale styresmakter om det.