Både kommuneadministrasjonen i Nore og Uvdal, i tillegg til Imingfjell Hytteeigarforening, meiner omsyn til villrein og natur bør gå framfor vinterbrøyting på Brusetervegen frå Sønstevassdammen og fram til Flåtaåe på Imingfjell i Nore og Uvdal. (Illustrasjonsfoto)
Både kommuneadministrasjonen i Nore og Uvdal, i tillegg til Imingfjell Hytteeigarforening, meiner omsyn til villrein og natur bør gå framfor vinterbrøyting på Brusetervegen frå Sønstevassdammen og fram til Flåtaåe på Imingfjell i Nore og Uvdal. (Illustrasjonsfoto)

Delte meiningar om vinterbrøyting

Som i fjor, seier administrasjonen i Nore og Uvdal kommune nei til å brøyte ein hytteveg på Imingfjell. Men politikarane seier ja.

Saka gjeld Brusetervegen frå Sønstevassdammen og fram til Flåtaåe. Vegen vart brøyta sist påske etter vedtak i formannskapet, og rekninga vart betalt av hytteeigarane som ønskte brøyting. Også vinteren 2014/15 var vegen brøyta.

Nokre hytteeigarar vil

Rundt 50 hytteeigarar på Brusetervegen har no søkt om løyve til brøyting også i vinter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gjeld først og fremst påska 2017, men også i vinterferien, om Fv124 mellom Tinn og Uvdal blir vinteropen.

I tillegg ønskjer dei at løyvet blir gitt for fleire år. Hytteeigarane er godt nøgde med brøytinga i påska dei to siste åra, også fordi parkeringskapasiteten er blitt betra. Andre fordelar har vore lettare tilkomst til hytter, butikkar og skisenter i bygda. Brøyting er ein fordel for nødetatane og gratis for kommunen.

..andre vil verne fjellområdet

Men Imingfjell Hytteeigarforening er motstandar. Foreninga meiner ulempene ved brøyting er større enn fordelane. Dei ynskjer Imingfjell som ei bilfri naturperle, Dei vil ta omsyn til natur og villrein, og hevdar brøyting gir støy og øydelegg for skiløyper. Hytteeigarane meiner behovet for transport til hyttene blir dekt av skutertransport. Ein annan hytteeigar meiner brøyting øydelegg vinteridyllen, og at det er tilstrekkeleg parkering i området. Det blir også hevda at skiløyper utanfor vegtraseen blir for dårlegare. Dette førte til at færre brukte turområdet i fjor.

Påverkar beite til villrein

– Mange hytteeigarar ønskjer brøyting og minst like mange ønskjer ikkje. Dei nye opplysningane i saka bidreg ikkje til at eg har endra meining, skriv rådmann Rune Antonsen i tilrådinga.

Han syner til at brøyting er i strid med regional plan for Hardangervidda frå 2011 som spesielt vektlegg omsyn til villreinen.

Fem mot ein

Nils Helge Tufto (H) foreslo måndag i formannskapet å tillate brøyting påska 2017. Det må skje under føresetnad blant anna av at hytteeigarane betalar sjølve og at trafikken skjer på eige ansvar. Forslaget fekk fleirtal i formannskapet med fem mot ei stemme.