Stine Bjerkhoel og mora Ellen Ellingsgard nyttar humor i foredraget sitt. Det har vore ein redning også i livet elles.
Stine Bjerkhoel og mora Ellen Ellingsgard nyttar humor i foredraget sitt. Det har vore ein redning også i livet elles.

Deler si historie om psykisk sjukdom - for å hjelpe andre

Å bruke eigne erfaringar for å hjelpe andre krev mot og styrke ein kanskje ikkje visste ein hadde. Ei mor og dotter frå Vats i Ål har teke utfordringa.

For mamma Ellen Ellingsgard starta det med ein telefon i 2006. Dottera Stine var innlagt på psykiatrisk avdeling. Det var som om nokon hadde sleppt ned ei bombe i familien.

For Stine hadde det starta lenge før.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hugsar at eg alt som tiåring hadde lært at ein kan døy om ein vil. Og at eg etter kvart kjende at det var ei lette å ha ein utveg, fortel Stine Bjerkhoel og kviler dei vakre brune augo i kamera. Andletet bryt ut i eit stort smil. Og det er nett det som kjenneteiknar denne kvinna. Smilet. Og det rolege vesenet.

At det inni henne til tider er eit stort og botnlaust mørke, er vanskeleg å sjå. Og det var det for mora hennar også.

Smilte alltid

– Stine smilte alltid. Eg ante ingen ting, fortel Ellen. For andre var Stine ein livleg og blid unge. Søt, morosam og rar.

Mamma Ellen Ellingsgard og resten av familien har vore stor støtte for Stine Bjerkhoel.
Mamma Ellen Ellingsgard og resten av familien har vore stor støtte for Stine Bjerkhoel.
Dei nyttar humor i foredraget sitt. Det har vore ein redning også i livet elles.
Dei nyttar humor i foredraget sitt. Det har vore ein redning også i livet elles.
Dei nyttar humor i foredraget sitt. Det har vore ein redning også i livet elles.
Dei nyttar humor i foredraget sitt. Det har vore ein redning også i livet elles.

Stine sjølv kjende på tungsinn. Var nedfor. Var sårbar. Hadde ikkje dette «filteret» som andre ungar har. Då blir det rein mobbing. Rett inn i sjela. Og ungar kan vere harde. Ho heldt alt inni seg. – Og så starta eg å mobbe meg sjølv. Det utvikla seg til sjølvhat. Utvikla seg over mange år. Utan filteret kunne eg ikkje gløyme. Ikkje ta igjen, fortel Stine.

– Me kallar det filteret. Ein kan sjå for seg eit rutenett i hjernen som filtrerer. Hjå Stine er rutene veldig store. Alt går rett inn i sjela, seier Ellen og tapper fingrane mot pannebrasken. Det sit inni her. Og er noko Stine må jobbe med heile tida.

Realkompetanse

– Me sit med ein realkompetanse om kva som trengst, seier Ellen. Om det å vere psykisk sjuk. Om det å vere pårørande.

– Alle i familien blir prega. Me blir sjuke. Eg har meir filter enn Stine, men vart med ganske langt inn i det djupe. I dag har me ein slags plattform å stå på, fortel Ellen.

Kanskje kan noko av det familien har opplevd, nyttast positivt for andre. Så andre kan sleppe å gå heile den lange vegen heilt åleine.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me starta for tre år sidan. Med å halde foredrag på A-hus, for sjukepleiarstudentar som skal ut i psykiatripraksis. Eg vart spurt av ei god venninne og kollega, fortel Ellen.

Stine nikkar. Ho har funne ein styrke i å fortelje. Om sine opplevingar, som er vorte mange i løpet av åra. Om diagnosar og innlegging. Tvang og medisinering. Om hjelpeapparatet. Om sjølvskading og sjølvmordsforsøk.

Det tredje og mest alvorlege sjølvmordsforsøket var 7. desember 2014.

Då tikka det inn ei tekstmelding til Ellen om kvelden. Ho såg meldinga litt seinare.

Der stod det berre eit hjarte.

Ante uråd

Morshjartet ante uråd då Stine ikkje svarte på tekstmeldinga ho sende tilbake. Då ho ringde var Stine rørete. Uklar. Ellen varsla nødetatane som braut seg inn i leilegheita i Oslo.

Stine vart redda i siste liten. Dei hadde flaks.

– Det er den største overdosen med piller eg har teke, fortel Stine. Ho legg til at ho har det greitt i dag. Bur på Ål og får god oppfølging. Psykisk helse ser til henne jamleg. I dårlege periodar kvar dag, og kanskje fleire gonger om dagen. Dei er vorte eit viktig nettverk og ei god avlastning for bekymra foreldre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei første åra ville ho ikkje leggjast inn. Det var ein kamp kvar gong, fortel Ellen. I dag ser også Stine behovet sjølv. Sjølv om det har vore få innleggingar dei siste åra. Ho fungerer betre.

– Men eg vart faktisk utskriven for berre eit par veker sidan. Frå ei døgnavdeling på Røyse, fortel ho ærleg. Då var behovet der att.

Ho må innom akutt-innlegging for å få døgnplass. Det kan vere tøft.

– Stine som berre smiler og vil vere snill. Må inn der veggene i cella er polstra og der sinte, fortvila og skrikande sjuke menneske er. Det er drøye greier. Veldig brutalt, seier Ellen.

Galgenhumor

– Me har lært oss å kome igjennom og forstå litt kva som skjer. Landa litt, seier Ellen.

– Eg lurer framleis litt på kva som skjer, seier Stine. Fortel om sirkelen. Ein del av plattforma dei har skapt. Sirkelen fortel noko om korleis ho har det.

– Stine kan fortelje at ho er nede til venstre i sirkelen. Då veit eg at det er fare på ferde, seier Ellen.

Dei snakkar avslappa saman. Om skuggane som kjem. Og ein sint mann - og au–e. Symptom. Om angsten og stemmene i hovudet. Depresjonen. Men påpeikar at dei har laga eit foredrag fylt av humor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har ikkje laga noko sutreforedrag, seier Ellen. I familien har dei sørga for å omhandle temaet med humor. Gjerne galgenhumor.

– Humor er viktig, seier Stine.

– Det er ein slags galskap dette her. No skal me bruke det til å hjelpe andre, smiler Ellen.

Redda livet

Då Stine var 14 starta symptoma. Synshallusinasjonar. Skuggar og skikkelsar. Stemmene kom året etter.

Ein lærar i 8. klasse uttrykte bekymring. Men Stine sa at alt var berre bra. Sjølv visste ho ikkje kva som skjedde. Ho var redd folk skulle tru ho var gal.

Fyrst på vidaregåande såg ein rådgjevar på skulen at noko var veldig gale med Stine. Ho var mørk og dyster i blikket. Ei venninne hadde varsla.

– Den rådgjevaren redda livet mitt. Eg trur eg hadde vore død no, utan henne. Planen min var det. Men så vart eg teken med til skulepsykolog. Eg visste ikkje eingong at me hadde det, fortel Stine. Så bar det vidare til lege – som resulterte i tvangsinnlegging. Ho hadde eit alvorleg psykoseutbrot.

Då starta eit nytt liv for heile familien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ho var over 18 år. Det tok ei veke før eg fekk kome inn til henne. Måtte ransakast og låsast inn. Eg var i sjokk. Barnet mitt ville ikkje leve. Om eg ikkje hadde hatt filter, hadde eg vel vorte lagt inn eg også. Sidan gjekk det opp og ned. Hit og dit. Til me er her me er i dag, fortel Ellen.

Kva skjer eigentleg

– Eg er ikkje redd for å svare på spørsmål, seier Stine. Dei har vore open om sjukdommen heile vegen. Det startar ofte med søvnmangel. Stine søv aldri heilt bra. Då blir ho sliten. Stress triggar også sjukdommen. Så kjem synshallusinasjonane. Og stemmene. Det er eigne tankar som får lyd. Ho får vrangførestillingar.

– Eg slit framleis med mykje angst, seier Stine. Men no kjenner ho att kva som kjem. Og har nokre verktøy for å klare å handtere sjukdommen. Ho lever nokon lunde normalt.

Diagnosen er schizofren.

– Schizofreni er ein diagnose der mange ulike psykiske utfordringar inngår, forklarar Ellen. Ho håpar foredraget deira kan hjelpe nokon som slit. I februar skal dei halde foredrag for behandlarar i Oslo. Målet er å reise rundt og fortelje. Dei har så langt hatt god respons på A-hus.

– Folk stiller seg i kø for å gi ein klem etterpå, fortel Stine.

– Kanskje nokon slepp å gå i ti år før dei får høyre noko som kan hjelpe. Det er så himla mange folk som har sagt så himla mykje forskjellig til oss. Kanskje me kan hjelpe med å sortere litt. Målet er å skape håp. Spreie kunnskap og avmystifisere, seier ho bestemt.

– Mange menneske i ein sal – som skal høyre på deg. Er ikkje det vanskeleg? Stine smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kan knapt gå ut av døra heime. Men eg får ikkje angst av å halde foredrag. Dette er ingen historie som har enda miserabelt. Eg har kome ut av det ganske bra. Målet er å halde meg frisk og ute av institusjonar, smiler ho. Og bruke noko av den hardkjøpte lærdommen til å hjelpe andre.

I oktober lanserte Ellen Ellingsgard og Stine Bjerkhoel nettstadenpsykt.no.

På nettstaden kan ein lese litt om foredraget dei skal halde. Tre timar bygd opp kring samtalar mellom mor og dotter. Med høve til å spørje.

– Det handlar om å ufarleggjere, konkretisere og engasjere. Målet er å skape håp, seier Ellingsgard som sjølv er pedagog. Målgruppa er helsepersonell, pårørande og dei som sjølv er råka av psykisk sjukdom.

Mor og dotter snakkar om eigne erfaringar og konkrete utfordringar kring psykisk sjukdom.