– Mange tilsette spør kva dei kan gjere for å støtte rådmannen, seier tillitsvalt Eva Stavn.
– Mange tilsette spør kva dei kan gjere for å støtte rådmannen, seier tillitsvalt Eva Stavn.

Dei tilsette støttar rådmannen i Nes

Nes-rådmann Else Horge Asplin har full støtte hjå dei kommunetilsette.

– Tilsette spør kva dei kan gjere for å støtte rådmannen, fleire er fly forbanna, seier tillitsvalt i Fagforbundet/FO i Nes kommune, Eva Stavn.

Ho og dei fem andre tillitsvalde i fagforbunda som organiserer dei tilsette i Nes kommune reagerte sterkt då formannskapet bad rådmannen leggje fram CV-ane til dei tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

I etterkant vart dei tillitsvalde innkalla til eit møte med ordførar Tor Oscar Magnussen. Til stades var også rådmann Else Horge Asplin og leiar for Nes Høgre.

Ikkje vedtak

I dette møte beklaga dei tillitsvalde at dei hadde tolka protokollen frå formannskapet som at formannskapet hadde gjort eit vedtak om at CV-ane skulle leggjast fram. Det vart ikkje gjort vedtak, men det vart protokollert at rådmannen skulle leggje fram organisasjonskart, stillingsskildring og CV-ar for alle tilsette i Nes kommune.

– Ordføraren meinte dette var ei mistyding, seier Stavn.

– Men punktet om CV-ane vart protokollert i formannskapet, og me reagerte på protokollen, seier Stavn.

Ho ser denne saka som ute av verda.

Nekta

Dei tillitsvalde nekta i møtet å skrive under på ei pressemelding som ordføraren ville sende ut om at det heile var ei mistyding.

– Meiner ordføraren at det er grunnlag for mistydingar og at protokollen frå møtet i formannskapet har uheldige formuleringar, er dette noko ordførar må stå for sjølv, skriv dei i eit brev til ordføraren.

Dei viser også til at ordføraren i eit intervju med Hallingdølen ikkje beklaga mistydingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kritiserer

I brevet frå dei tillitsvalde gir dei rådmannen sin fulle støtte som referent i formannskapet.

Dei kritiserer i same slengen det nye politiske fleirtalet i Nes.

– Det er eit tankekors at den negative omtalen av Nes kommune har kome det siste året etter at det vart innsett nytt kommunestyre i Nes, skriv dei.

Reagerer

Tysdag skreiv Hallingdølen om at det same fleirtalet vil ta sluttføringa av kommuneplanarbeidet vekk frå rådmannen og i staden hente inn hjelp utanfrå. Dette har også vakt sterke reaksjonar blant dei tilsette.

– I 2011 stod dei tilsette på for å spare pengar i kommunen. Då vart det også kutta ei stilling i administrasjonen. Ein må ta omsyn til det. Alt kan ikkje gå på skjener når det er færre tilsette, seier Eva Stavn.