Ingrid Frostholm Larsen (t.v.) er leiar i Numedal og midtre Hallingdal lag av Norske Redningshunder. Her er ho saman med redningshundelev Buster og Tonje Cecilie Moen Hanssen med redningshunden Mozart.
Ingrid Frostholm Larsen (t.v.) er leiar i Numedal og midtre Hallingdal lag av Norske Redningshunder. Her er ho saman med redningshundelev Buster og Tonje Cecilie Moen Hanssen med redningshunden Mozart.

Dei får Hallingdølens julegåve

Lokallaget til Norske Redningshunder får årets julegåve frå Hallingdølen.

Avisa har gjort det til ein tradisjon å støtte ein frivillig organisasjon med ei pengegåve, framfor å sende julehelsingar til forretningspartnarar. I år går pengegåva på 10.000 kroner til organisasjonen Norske Redningshunder ved lokallaget i Numedal og midtre Hallingdal.

– Me har vinterens redningsaksjonar friskt i minne. Norske Redningshunder gjer ein viktig jobb i kritiske situasjonar, seier Ola Stave, administrerande direktør i Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heltemodig innsats

Ideen om å støtte Norske Redningshunder dukka opp på ein idedugnad blant dei tilsette i avishuset. I fjor var redningshundane sentrale i fleire store leiteaksjonar, mellom anna skredulukka mellom Finse og Haugastøl i mars. Her gjorde lavinehunden Tedd og hundeførar Pål Bakken frå Nore funnet som førte til at ei tysk kvinne på mirakuløst vis berga livet. Kvinna vart berga ut av snømassane etter fleire timar under snøen.

– Julegåva var ei overrasking som me set stor pris på, seier lokallagsleiar Ingrid Frostholm Larsen.

Tre års utdanning kostar pengar

Norske Redningshunder bidrar i redningsoppdrag med frivillig innsats. Det er ubetalt arbeid og dei er på vakt 24 timar i døgeret året rundt. I lokallaget i Numedal og midtre Hallingdal er det totalt 21 medlemmer. Av desse er det 14 aktive, som rykker ut på oppdrag, primært i Numedal og Hallingdal, men også andre stader i Buskerud, Telemark og Vestfold.

Ola Stave.
Ola Stave.

Larsen fortel at det tek kring tre år å utdanne ein hund. Utdanninga av hund og hundeførar har ein kostnad på meir enn 100.000 kroner. I tillegg er det nødvendig med kostbart tryggingsutstyr.

– Arbeidet vårt er finansiert gjennom dugnadsinnsats, sponsorar og gåver. Pengane frå julegåva kjem godt med, seier ho.