Pål Knutsson Medhus (t.v.) og Petter Braaten er i gang med arbeidet med å stifte Hol Bygdeliste. Dei vil ta opp kampen med dei etablerte partia.

Dannar bygdeliste og tek opp kampen med dei etablerte: – Me treng eit alternativ til Høgre, Ap og Sp

Hol Bygdeliste vil utfordre Høgre, Arbeiderpartiet og Senterpartiet i neste års kommuneval. Men først må dei skaffe 60 underskrifter.

Og dei har dårleg tid. Fristen er 2. januar.

– Me spente på mottakinga, men me trur det er nok interesse for bygdelista, seier Pål Knutsson Medhus og Petter Braaten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vil utfordre

Hallingdølen møter dei to på Sofias på Bardøla Fjelltun på Geilo. Like oppunder jul serverer dei nyheita: Dei har sett i gang eit arbeid for å stifte Hol Bygdeliste. 30. desember inviterer dei til infomøte om bygdelista nettopp på Bardøla.

– Det er ein open invitasjon til alle som vil vere med for å drive lokalpolitikk i lokalmiljøet.

- Hol treng eit alternativ til dei etablerte partia, meiner Pål Knutsson Medhus (t.v.) og Petter Braaten.

Medhus, som er den som har teke initiativet til bygdelista, kallar det eit «politisk mangfaldsmøte». I arbeidet med å gjere ideen til ein realitet, trekte han inn Braaten med fire års erfaring som Høgre-representant frå 2015 til 2019. Saman har dei meisla ut noko av vegen vidare.

– Kvifor vil de etablere ei bygdeliste?

– Det er eit uttrykk for at me ser at Hol treng eit alternativ til dei urgamle og etablerte bastionane. Og det er ein reaksjon på måten det er drive politikk på siste perioden.

Dei tre store

Sidan valet i 2019 har Hol-politikken vore prega av at det er tre jamstore partigrupper i kommunestyret. Etter valet vart partifloraen også redusert med frå seks til fire parti. Både Frp og KrF rauk ut då dei ikkje klarte å stille liste.

Tre parti har styrt Hol sidan 2019. Her er representantar frå partia samla i formannskapet tidlegare i vinter. Frå høgre ordførar Petter Rukke (Ap), Henning Solhaug (H), Sigrid Simensen Ilsøy (Sp), Torstein Seim (Sp) og Martin Grøslandsbråten (Sp).

Det har ført til at det siste åra nærmast har vore eit «trepartisystem» med Arbeiderpartiet, Høgre og Senterpartiet som totalt dominerande. Sp har åtte og dei to andre har seks representantar kvar. Det er her fleirtala blir avgjort.

Venstre har éin representant, men det er for lite til å ha stor påverknad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Etter åtte år er motivasjonen på topp: – Eg stiller som ordførarkandidat
Les også
– Eg er ikkje redd for å seie at det er på tide med ein ordførar frå Geilo att

Trur på interesse

Denne maktbalansen vil Braaten og Medhus rokke ved. Med full merksemd på berre lokale saker, meiner dei ei bygdeliste vil unngå dei overordna linjene lokalparti oftast følger. Dei hindrar ofte godt samarbeid mellom partia, meiner dei.

– Det er dei lokale sakene me skal arbeide med, seier Medhus, og tek fram mobiltelefonen og viser eit bilete.

Det er omrisset av Hol kommune. Førebels ein form for logo for lista.

– Me har ingen tulipan eller rose å lage logo av, men det er innanfor desse grensene me har sakene våre. Me vil samle folk som har eit engasjement for det.

Partiprogrammet er ikkje forma ut og eit nytt styre må på plass om alt går i orden. Men Braaten og Medhus trekkjer fram særleg eitt mål med lista:

– Me må evne å prate betre saman i Hol. Me må prate, jobbe og skape saman, seier Medhus.

– Eg meiner me har altfor lite av uformelle diskusjonar mellom politikarane om saker og vyar. Me må løyse fleire praktiske oppgåver, meiner Braaten.

Ein god idé?

Dei er spente på reaksjonane og om dei får nok holingar i ryggen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Infomøtet blir ein liten lakmustest. Er det fleire som tenkjer som oss. Er dette verkeleg ein så god idé som me meiner det er?

Bygdeliste er ikkje noko nytt i Hol, men Medhus og Braaten meiner det no er på høg tid at bygdelista står opp att etter å ha vore politisk død i fleire tiår.

Frist for å levere partiliste, er 31. mars. Då må minst sju kandidatar stå på lista.

– Me treng eit alternativ til Høgre, Ap og Sp. Me håpar det er nokon som er nysgjerrige.

Les også
Satsar på dagsturisme - på sikt vil dei ha færre bilar til fjells
Les også
Hjørnesteinsbedrift kuttar stillingar: – Dette var ingen fin julegåve å få
Les også
Gjer ei god gjerning vesle juleaftan - gratis klipp til alle barn