Daniel Kvammen turnerer på seks turisthytter i påska.
Daniel Kvammen turnerer på seks turisthytter i påska.

Daniel Kvammen held fram frå hytte til hytte

Gløym norovirus. Frå hytte til hytte-turneen til Daniel Kvammen går som planlagd.

Palmesundag la Daniel Kvammen ut på sin kring 20 mil lange påsketurné mellom seks turisthytter i Skarvheimen og på Hardangervidda.

På veg til Krækkja

Sundag var han på Geiteryggen og måndag på Finse. Tysdag kveld spelar han konsert på Krækkja turisthytte. Både Geiteryggen og Krækkja er blant dei ti hyttene på DNT si liste over sjukdomsutbrot.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Turneen går som planlagd, seier Henrik Hoff Wikborg, dagleg leiar i DNT Oslo og Omegn.

Førebels er det berre registrert to tilfelle av det som truleg er norovirus på Geiteryggen turisthytte. Dei to vart isolert og køyrt ut at umiddelbart etter at dei kom til hytta, opplyser Wikborg. Såleis har det teknisk sett ikkje vore sjukdom på Geiteryggen. Heller ikkje på Finse. Det er heller ikkje registrert sjuke gjestar på Krækkja.

Tek grep

Henrik Hoff Wikborg meiner det blir feil å omtale «spreiinga» av norovirus.

– Me har hatt 1400 overnattingar sidan helga. 30–40 av gjestane har vore sjuke, og har såleis blitt transportert ut av fjellet. Det dukkar opp eit tilfelle her og der, og det er ikkje slik at dei alle har gått den same ruta. Me veit at dette er noko folk har tatt med seg inn i fjellet, og som deretter smittar vidare blant folk, seier han. – Me tek dette alvorleg, og er veldig merksame. Me vaskar for harde livet der det har vore sjuke folk, legg han til.