Jon Georg Dale  (Frp).
Jon Georg Dale (Frp).

Dale (Frp): – Saneringa i Nordfjella er endeleg

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) stadfestar at villreinstamma i Nordfjella skal sanerast innan 1. mai neste år dersom det ikkje blir oppdaga CWD i andre villreinområde.

Hallingdølen har stilt landbruks- og matminister Dale fire spørsmål på bakgrunn av det kritiske brevet frå villreinnemnda i Nordfjella. Svara kom umiddelbart:

Endeleg vedtak

– Er vedtaket om å sanere stamma på over 2.000 dyr innan 1. mai 2018 endeleg?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja. Med dei føringane som ligg til grunn er det faglege rådet at villreinstamma må sanerast raskt. Det har vore aktuelt heile tida og vart også gitt klart uttrykk for under villreinmøtet i Hemsedal i vinter. Me må få opp att ei frisk stamme i Nordfjella så fort som råd.

Blir neppe omgjort

– Kan saneringsvedtaket bli omgjort etter jakta når ein har betre oversikt over omfanget av CWD?

– Teoretisk kan det det. Dersom det skulle bli oppdaga CWD-smitte i andre villreinområde, til dømes på Hardangervidda eller på anna hjortevilt, blir situasjonen ein annan. Då må det til nye vurderingar. Men slik situasjonen er i dag, blir neppe saneringsvedtaket i sone 1 i Nordfjella omgjort eller forlenga.

Godkjent og gyldig

– Er det rett som villreinnemnda hevdar, at saneringsvedtaket og forskriftsendringar bør ut på høyring før det er gyldig?

– Mattilsynet har heimel i matlova om å gjera raske og effektive tiltak som hindrar smitte utan at det må ut på høyring. På bakgrunn av det er saneringsvedtaket godkjent og gyldig. Innspelet om auka jaktkvote og jaktperiode kom frå lokale forvaltningsorgan og er tiltak som også er godkjent.

Kan bli betre

– Vil villreinnemnda og lokale forvaltningsorgan bli tatt med i eventuelt nye vurderingar etter jakta?

– Departementet har hatt løpande vurderingar med Mattilsynet og Veterinærinstituttet og tilsett lokal CWD-koordinator. Me har også samarbeidd med kommunar og lokale forvaltningsorgan og kjem til å halde fram med det. Eg føler at me har hatt god dialog, men den kan sikkert bli betre.