Liv B. Enerstvedt er dagleg leiar for Uvdalsfjell AS. Til dagleg jobbar ho i Nore barnehage. Ho er oppvaksen på gard, og er ikkje redd for å ha litt å gjera på. I styret sit tanta hennar Bjørg Enerstvedt Svensson som leiar, i tillegg til far Lars Inge Enerstvedt og onkelen Karl Yngve Svensson. Også brørne til Liv er med på laget.

Bygdefolk samarbeider om ny hyttegrend

Familiebedrifta Uvdalsfjell AS satsar på å utvikle fritidseigedomar og går inn med seks millionar i infrastruktur i eit nytt område med utsikt til åtte fjell.

Selskapet vart oppretta i februar. Målet er å utvikle både fritidstomter og bustader i Nore og Uvdal og legge dei ut for sal. No er dei i gang med Tiurleiken hyttegrend på Hallandsfjell i Uvdal.

Uoppdaga område

Like før påske vart 21 tomter i hyttegrenda lagt ut til sals. På under ei veke var alt to av dei selde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det passar bra at mange er ute etter hytte eller tomt i desse tider. Hallandsfjell er eit litt uoppdaga område, men fort å bli glad i. Her er det romsleg og ikkje mykje tomter elles. Så ein slepp å stå i kø, seier Liv Brynhild Enerstvedt (35), dagleg leiar for Uvdalsfjell AS.

Les også
Grunneigarar på Skaraåsen tapte sak om tomteavtale

Samarbeid med grunneigar

Uvdalsfjell AS har kjøpt fire av tomtene frå grunneigar Halvard Halland, og har opsjon på dei resterande. Selskapet har gått inn med seks millionar kroner for å få på plass infrastrukturen. Planen er at straum, fiber, avløp og vegar skal stå klart i løpet av hausten.

Tiuren er på plass i Tiurleiken hyttegrend. Kunstnaren er Eli Enerstvedt, mor til Liv som er dagleg leiar for Uvdalsfjell AS. Det er kanskje ikkje overraskande at området innbyr til mellom anna småviltjakt.

– Det er dyrt å utvikle eit hyttefelt. På same tid vil jo ingen lenger kjøpe hytte utan at infrastrukturen er i orden. Samarbeidet med Halland har gjort det mogleg. Han har med seg sonen Knut Olav og barnebarnet Tomas, som gjer ein solid jobb og samarbeider om utviklinga av feltet, fortel ho.

Les også
Arbeidsløysa går opp - ein kommune utmerker seg negativt

Tett på naturen

Dei tre generasjonane Halland starta å jobbe med å utvikle infrastruktur alt før snøen tok til å smelte. I tillegg skal Halland stå for vedlikehald og brøyting av vegen.

– Det er viktig for oss som utbyggar å legge att minst mogleg spor og sår, for å bevare naturen. Halland kjenner området godt og har gode løysingar for å få det til, seier Enerstvedt.

Graving av kabelgrøft til Tiurleiken hyttefelt på Hallandsfjell i Uvdal. Her er Kevin Halland (12) og faren Knut Olav Halland i aksjon.

Hyttegrenda skal ha torvtak, oppdelte vindauge og naturfarger. Dei har rike tradisjonar å spele vidare på, for Numedal er jo og kalla Mellomalderdalen, og få plassar finn du like mange freda bygg som i Nore og Uvdal.

Les også
Mykje asfalt på riksvegane - ingenting på fylkesvegane

Lokal verdiskaping

Uvdalsfjell AS vektlegg både lokale byggetradisjonar, kortreise materiale og lokale handverkarar.

– Målet vårt er størst mogleg lokal verdiskaping. Sjølv om me i hovudsak satsar på tomter, ønskjer me å legge til rette for samarbeid med lokale handverkarar og entreprenørar. Me har jo kontaktar lokalt og ønskjer rett å slett å vera ei brikke i spelet frå tomt til nøkkelferdig hytte, sjølv om ikkje me skal stå for sjølve bygginga, fortel ho og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– For me bygdefolk må jo også ha til salt i maten, seier Enerstvedt lurt.

Frå Hallandsfjell og Tiurleiken Hyttegrend ser du her utsikt over Kirkebygda i Uvdal, med Dagalifjell og Fauskofjell bak. Frå hyttegrenda har du også utsikt til Fauskofjell, Heisnatten, Grytingfjell, Bjønnlifjell, Reinsjøfjell og Hardangervidda.

Då det er både stort trykk på laftekasser og handverkarar i kommunen i desse tider, tek ho difor høgde for at det er avhengig av kapasitet og kva som er ledig.

Skiløype som er tilknytt løypenettet i Åsbøseterdalen, går også tvers gjennom grenda.

– Naturen er fantastisk og innbyr til både jakt og friluftsliv. Å få vera med å oppfylle hyttedraumane til folk i eit slik område er spennande, seier Enerstvedt.

Les også
Fann død mann i skogen
Les også
– Opp av sofaen!
Les også
Bodkrigen om Dagali flyplass
Les også
Grønt lys for trivsel
Les også
Vil vite meir før dei blar opp for stasjonstomta
Les også
Forlèt byggebransjen med tungt hjarte
Les også
Ligg an til brøytenekt