Det tok under to år og kosta kring 34 millionar kroner å bygge opp Øyni konferansesenter. Byggmeister Morten Sjemmedal er veldig fornøgd med resultatet etter at bygget stod ferdig like før jul i fjor.
Det tok under to år og kosta kring 34 millionar kroner å bygge opp Øyni konferansesenter. Byggmeister Morten Sjemmedal er veldig fornøgd med resultatet etter at bygget stod ferdig like før jul i fjor.

Bygde konferansesenter på dugnad

Den kristne menighet, eller Smiths venner som dei også blir kalla, brukte knappe to år på å setje opp bygget. Anlegget har kosta 34 millionar.

– For meg vart det mest som ein rus å sjå så mange vera med på sjølve byggearbeidet. Det var som å sjå maur i ei maurtue og nesten ikkje til å tru, fortel byggjeleiar for Øyni konferansesenter i Ål, Morten Sjemmedal.

Ei helg var dei så mange som 120 personar og arbeidde der. Dei kom frå alle kantar av landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har hjelpt til med å bygge hjå andre menigheiter, andre stader i landet. Denne gongen var det vår tur til å få hjelp.

Sjemmedal fortel at det var folk og jobba på kvart einaste rom i bygget, samstundes som det vart lagt 600 meter hagestein på utsida – alt på ei helg.

Meir plass

Brunstad kristelege menighet Hallingdal, (BKM) som den heiter i Brønnøysundregisteret, hadde tidlegare tilhald på Gol, men lokala vart etter kvart for små for den veksande menigheita. Dermed måtte dei starte jakta med å finne seg ein annan stad å vera. Mellom anna prøvde dei å kjøpe Torpomoen, men fekk det ikkje. Då dei fekk høve til å kjøpe tomta ved Øyni i 2009, ikkje langt unna Torpomoen, starta ein lang prosess. Tomta måtte omregulerast, det måtte byggast veg fram til det planlagde bygget og dei måtte bestemme korleis sjølve bygget skulle sjå ut.

Frå dette rommet kan Morten Sjemmedal styre fleire videokamera frå det som skjer i festsalen og sende det ut til alle fjernsynsskjermane i heile bygget.
Frå dette rommet kan Morten Sjemmedal styre fleire videokamera frå det som skjer i festsalen og sende det ut til alle fjernsynsskjermane i heile bygget.
I austre enden av foajeen er det bygd inn ein kaffibar. No vonar Morten Sjemmedal at folk vil leige lokale til store arrangement.
I austre enden av foajeen er det bygd inn ein kaffibar. No vonar Morten Sjemmedal at folk vil leige lokale til store arrangement.
Den største festsalen har plass til 300 gjester, fortel Morten Sjemmedal. Når det ikkje er dekka med langbord, kan salen nyttast til ulike idrettsarrangement.
Den største festsalen har plass til 300 gjester, fortel Morten Sjemmedal. Når det ikkje er dekka med langbord, kan salen nyttast til ulike idrettsarrangement.

– Statens vegvesen var ei hard nøtt. Det var ikkje lett å få lov å lage avkøyrsle frå Rv7. Men i 2011 hadde me fått dei løyva me trong for å starte byggearbeidet, fortel Sjemmedal.

Med 180 medlemmer i menigheita hadde dei tilgang på det meste av kvalifisert arbeidskraft. Både elektrikarar, anleggsmaskinkøyrarar og røyrleggjarar var innan rekkevidde. Og sidan Morten sjølv var byggmeister, sparte dei mykje pengar på å gjere alt arbeidet på dugnad.

Leige ut

Like før jul i fjor, stod Øyni konferansesenter ferdig. Heile prosjektet, inklusiv tomt og infrastruktur har kosta dei kring 34 millionar kroner.

– Sjølv bygget kosta oss 19 millionar. Me hadde omtrent 40 prosent i oppsparte pengar sjølve. Skulle me leigd all den arbeidskrafta me har brukt, ville bygget åleine kome på kring 40 millionar kroner, meiner Sjemmedal.

– Kva planar har de med eit så stort bygg?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fyrst og fremst er det bygd med tanke på menigheita, men me vil også leige det ut til større arrangement. Det er ingen krav om at folk må vera med i menigheita for å leige her, fortel han.

Og plass har dei nok av. I den største festsalen kan dei ta imot 300 middagsgjester.

Høg standard

Det er ikkje spart på noko i det nye konferansesenteret. Den største festsalen kan med enkle grep gjerast om til idrettshall. Mellom anna har dei bygd klatrevegg og dei kan spela alt frå landhockey til basketball i salen. Den same salen kan også vise film på storskjerm og har eit moderne lydanlegg til fleire millionar kroner. I tillegg har dei ei stor scene.

Det er også bygd eit storkjøkken i hovudetasjen.

Andre etasje er fylt med alt slags teknisk utstyr. Det er på det næraste ei leikestove for ungdommar og vaksne som vil drive med video eller spele inn sin eigen musikk-CD. I tillegg er det fleire små og større konferanserom, kontor og ein mindre festsal.