– Dette er ekstremt stort for både meg og for alle dei fantastiske medarbeidarane, seier butikksjef Solveig Dalen
– Dette er ekstremt stort for både meg og for alle dei fantastiske medarbeidarane, seier butikksjef Solveig Dalen

Butikken hennar er best i regionen

Solveig Dalen slo ut 54 andre butikkar. Ho driv regionens beste Kiwi-butikk.

Butikken på Ål stakk av med sigeren i konkurransen med 54 andre Kiwi-butikkar i regionen. Prisen blei delt ut under internarrangementet Kiwiaden denne helga.

– Dette er ekstremt stort for både meg og for alle dei fantastiske medarbeidarane, seier butikksjef Solveig Dalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle jobbar knallhardt

Kiwiaden er daglegvarekjedas årlege samling for butikksjefar frå heile landet. I helga tok altså Dalen i mot den gjeve prisen på vegner av 20 medarbeidarar.

– Alle i butikken jobbar knallhardt kvar dag for at kundane våre skal trivast. Dette er heile butikkens pris, for alle har jaggu stått på det siste året, seier Dalen.

Godt med skryt

Butikkane blir vurdert ut ifrå fleire kriterium, som kundetilfredsheit, nøgde medarbeidarar og omsetningsvekst. I jurygrunngivinga får Dalen og butikken hennar skryt for at alle tilsette blir sett og utfordra, og at dei tilsette er synleg stolte av butikken sin, glad i kvarandre og ikkje minst i kundane sine.

Gir alt

Regionsjef Torkel Thorvaldsen gir butikken på Ål mykje skryt.

– Butikken blir som butikksjefen, og det er denne butikken eit tydeleg bevis på, seier Thorvaldsen i pressemeldinga.

Resultatet er nøgde kundar, noko som visast på tala. Butikken har så langt i år over sju prosent vekst. No jaktar dei på 95 millionar i omsetning dette året. Solveig Dalen er ikkje redd for presset denne prisen legg på butikken i tida framover.

– Me kjem ikkje til å kvile, no skal me køyre på og bevise for alle at me har fortent denne prisen, seier Solveig Dalen.