Sundag morgon brann det i eit leilegheitsbygg i Stasjonsvegen i Nesbyen.
Sundag morgon brann det i eit leilegheitsbygg i Stasjonsvegen i Nesbyen.

Bustadbrann i Nesbyen

Ingen vart skadd i ein bustadbrann i Nesbyen sentrum.

Brannkorpset fekk melding om brannen sundag morgon klokka 08.35 og mobiliserte mannskap både frå Nesbyen og Flå. Naudetatane rykka også ut med politi og ambulansar. Eit vitne fortel at det var veldig røykutvikling.

Ingen personskade

Brannkorpset fekk raskt kontroll over elden. Klokka 09.15 var brannen sløkt og bygget gjennomsøkt. Det blir jobba med ettersløkking utover føremiddagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det skal ikkje vere personskade, skriv politiet på Twitter.

Brann i andre etasje

Huset ligg i Stasjonsvegen, midt i Nesbyen sentrum. Det er fleire leilegheiter i bygget. Det var ein leilegheit i andre etasje som brann. Det var ingen heime i leilegheita, men politiet fekk kontakt med leigetakaren etter at brannen var sløkt sundag morgon.

Brannen vart varsla av ein av ein som bur i huset. Fem personar er registrert på adressa, opplyser operasjonsleiar Ole Kristian Bekkedal i Nordre Buskerud politidistrikt. Han seier det er for tidleg å si noko om brannårsaka.

Sot- og røykskadar

Kolbjørn Ødegård var vakthavande befal i brannkorpset. Han seier brannen starta i stova i leilegheita.

– Meir kan eg ikkje sei. Politiet vil rutinemessig etterforske saka for å finne brannårsaka, seier han. Han rosar røykdykkarane for godt sløkkearbeid. Mannskap frå Flå vart tilkalla, men dei fekk melding om gjere vendereis.

– Brannen vart raskt sløkt og dei brukte minimalt med vatn. Det er røyk- og sotskadar i tre av leilegheitene. Fyrsteetasjen ser det ut til at det gjekk bra med, seier Ødegård.