Britt Thune og mannen Åge ser opp mot rasområdet på eigedommen deira. Ho fortel om uro og bekymring i Tune.

Bur i skredområdet - uroa over regnet: – Me er veldig redd, rett og slett

Nokon har alt pakka og reist, andre sit engstelege heime. I dag er det venta mykje regn i Ål, men ifølgje NVE og geolog er det liten fare for nye ras.

– Svigersonen min har vore oppe og sjekka vegar og slikt i natt. Eg har vore oppe og sjekka sjølv. Me er veldig redd, rett og slett, fortel Britt Thune til Hallingdølen tysdag morgon.

Ho bur i Tune, ei av grendene langs Strandafjorden i Ål. Sist veke gjekk det fleire store og små skred i området, og opplevingane sit framleis i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit stort skred i Tune tysdag var nært å treffe nabogarden til Britt Thune.

Derfor er det skremmande å høyre at regnet atter ein gong pøsar ned.

– Me kom heim att på garden torsdag sist veke, då var det sol og fint vêr. Me har fått reparert gardsvegen vår, og hadde det ikkje begynt å regne no, hadde det nok gått greitt med oss. Men det er regnvêret som gjer meg så engsteleg, seier Thune.

I dag er det ifølgje vêrtenesta Yr meldt å kunne kome opp mot 30 millimeter nedbør i Ål.

Ønsker seg geolog

Tysdag morgon prøvde ho alt tidleg på dagen å få kontakt med kommunen. Det er to ting ho lurar på: Kjem det geologar opp til dei, og har kommunen alternativt husvære for dei som ikkje vågar vere heime no?

– Det hadde gjort alt tryggare om ein geolog hadde vore her og sett, seier Thune.

Det same sa Ingrid Hajem då Hallingdølen prata med henne i går. Ho bur i Tunevegen på Strond i Ål, på ein gard berre to kilometer unna Breie. Der feia store skred med seg bygningar sist veke.

– Send oss heller geolog enn psykososialt kriseteam. Psyka kan me prate om når me veit at det er trygt, sa ho.

Også Hajem seier redsla sit i kroppen og at det kjennest utrygt når det kjem nytt, hardt regnvêr.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blir litt på tuppa

Britt Thune har døme på kor hardt redsla sit. Då ho kom heim att til garden sin sist torsdag vart det jobba med gravemaskin i nærleiken.

– Eg låg i senga med vindauget på vidt gap. Eg høyrde dunk frå steinar, og kvakk veldig. Eg tenkte at «her tør eg ikkje vere», før eg kom på at det var ei gravemaskin som dreiv på. Me blir litt på tuppa, seier ho.

Britt Thune (midten) saman med nabo Ingunn Strand og mannen Åge Thune.

Thune fortel at dottera hennar og familien har reist frå garden, og held seg i Nesbyen. Men i morgon startar ungane på skulen i Ål. Derfor lurar ho på om kommunen har alternativt husvære.

– Kva med deg, blir du heime?

– Me har dyr på garden. Det er ikkje berre å reise heller.

Liten fare for ras i heile Ål

Ordførar Solveig Vestenfor seier at ho godt forstår uroa som særleg folk i Breie kjenner på. Ho fortel at NVE, ein geolog, politiet og kommunen har vurdert rasfaren for heile Ål kommune.

– Ingen kan si at det ikkje er rasfare, for det vil det alltid vere i Ål. Men geologen seier det er liten fare for ras i heile Ål no. Politiet har derfor konkludert med at det ikkje er nødvendig med evakuering.

Det gjekk fleire jordras i Tune under ekstremvêret Hans.

– Eg forstår at folk kjenner seg utrygge. Men det blir vurdert som trygt i kommunen. Hadde det ikkje vore det, ville folk blitt evakuert, understrekar ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det aktuelt å tilby husrom for dei som ikkje vil vere heime?

– Kommunen tilbyr dette til dei med heilt spesielle behov eller i heilt spesielle tilfelle. Me veit fleire har valt frivillig evakuering, og er hjå familie og vener. Det har me forståing for, seier Vestenfor.

Ho har ingen problem med å skjøne kjenslene enkelte kan ha i dag, særleg når regnet silar.

– Det er lett å skjøne at folk opplever frykt, mange har vore gjennom vanvitige påkjenningar som nok vil prege dei i lang tid framover.

I morgon, onsdag skal kommunen møte Breie/Tune til eit informasjonsmøte i grendehuset i Breie klokka 18:00. Det vil også ein geolog vere til stades.

Vestenfor seier også at kommunen har dialog med alle dei som har mista hus og heim i jordras, for å finne alternativ bustad til desse. I tillegg er det nokre få andre som ikkje har heimar det er mogleg å bu i. Dei får også hjelp til å finne nytt, førebels husvære.