Det blir dyrare å sende ungane i barnehagen i Gol neste år. Her er Oda Regine Skoglund (t.h.) og Mie Sofie Løvseth Bøe i dokkehuset i Vesterhuset barnehage i sommar. (Arkivfoto)
Det blir dyrare å sende ungane i barnehagen i Gol neste år. Her er Oda Regine Skoglund (t.h.) og Mie Sofie Løvseth Bøe i dokkehuset i Vesterhuset barnehage i sommar. (Arkivfoto)

Budsjett utan fakkeltog

Prisane blir skrudd opp på SFO og barnehagar i Gol.

Torsdag gav politikarane i utval for kultur og levekår (UKL) si innstilling til kommunebudsjett. Ifølgje UKL-leiar, Ludvig Munkejord (KrF), har politikarane både plussa på og trekt ifrå innanfor sektorane skule, helse og omsorg.

Ingen fakkeltog

I innstillinga frå UKL ligg det ei samla innsparing på 280.000 kroner. I fjor var skulenedlegging i Herad den store budsjettsaka. Det ligg ingen «fakkeltog» i årets budsjett, sjølv om Galleri Gol mistar 60.000 kroner i årleg støtte og skulekorpset berre får finansiering fram til sommaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me gjorde ein stor jobb i fjor. Då kutta me 15 millionar kroner. Det gjer det ikkje enklare å gå laus med nye kutt i år. Me har vore forsiktige med å ta bort tiltak og redusere tenester, seier Munkejord.

Maks foreldrebetaling

Foreldre som har barn i barnehage må betale 175 kroner meir i månaden for ein fulltidsplass. Frå nyttår skrur Gol opp prisen til staten sine makssatsar. Samla vil det gi 260.000 kroner meir i kommunekassa. I tillegg vil politikarane vurdere om det kan liggje ei innsparing i å endre opptaksrutinane.

– I dag er det løpande opptak til barnehagane. Me vil vurdere å ha to opptak i året for å sjå om det er råd å redusere kapasiteten med éi avdeling, seier Munkejord. UKL støttar administrasjonen sitt framlegg om å skru opp prisane i SFO. Full plass blir 100 kroner dyrare.

Ludvig Munkejord (KrF), utval for kultur og levekår. (Arkivfoto)
Ludvig Munkejord (KrF), utval for kultur og levekår. (Arkivfoto)
Jon Anders Hefte (Ap) (t.v.) er leiar i utval for natur og næring. (Arkivfoto)
Jon Anders Hefte (Ap) (t.v.) er leiar i utval for natur og næring. (Arkivfoto)

Ved Gol skule har politikarane sett av 325.000 kroner til å vidareføre ein 50 prosent stilling som spesialpedagog.

Brukar pengar for å spare

I fjor fekk politikarane kjeft for ikkje å prioritere pengar til fysioterapi. I år har dei sett av 385.000 kroner.

– Erfaring viser at eldre som får fysioterapi, kan klare seg lenger i heimen. Me trur dette vil gje ei innsparing på 580.000 kroner i heimetenestene, seier Munkejord.

I NAV ønskjer politikarane ei tilsvarande satsing. Dei vil finansiere eit halvt årsverk som skal få folk over frå sosialhjelp til arbeid.

– Erfaringa er at dette har dobbel effekt. Me brukar 300.000 og får att 600.000, seier Munkejord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nødvendig vedlikehald

Utvalsleiar Jon Anders Hefte (Ap) seier utval for natur og næring (UNN) har funne rom for å bruke 1,2 millionar kroner til asfalt og 400.000 kroner til vedlikehald av bruer. I tillegg vil dei bruke 300.000 kroner til skilting av vegar som nyleg har fått namn. – Departementet har sett ein frist for når alle vegar skal ha namn. Dette er ein sped start for å kome i gang, seier han.

Formannskapet skal leggje fram si innstilling før budsjettet blir endeleg vedteke av kommunestyret i desember.