Per Ivar Thorset. (Arkivfoto)
Per Ivar Thorset. (Arkivfoto)

Brukte erfaringane frå Valdres

Veidekke Entreprenør avd. Hallingdal har vore involvert i tre gigantprosjekt i vår region. Helseutbygginga i Ål vart smertefri på grunn av erfaringar frå ei tilsvarande utbygging på Fagernes.

Entreprenøren overleverte bygget alt ved årsskifte. Entreprisekostnaden var 239,6 millionar kroner.

I 2015 var Veidekke Entreprenør avdeling Hallingdal med å leggje siste hand på verket til Valdres Lokalmedisinske senter, eit prosjekt med ein totalkostnad på 353 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å byggje sjukehus er noko av det mest kompliserte ein kan drive med. Det er mykje spesialutstyr ein ikkje kjem borti i andre prosjekt. Det var ein stor fordel at me hadde gått opp vegen før. Me har tatt med oss mange erfaringar frå Valdres, seier anleggsleiar Per Ivar Thorset.

– Har det berre vore enkelt?

– Det har vore bra samarbeid mellom alle partar. Kommunen har vore flink til å ta raske avgjerder, og me har hatt gode underentreprenørar. Det har vore ein god plan, som har vorte følgd. Då er det lett å vere entreprenør. I det heile har me hatt god flyt og framdrift.

Utbygginga i Valdres var større blant anna fordi alt er nybygd. Sjukestugu i Ål er bygd kring skalet av den gamle bygningskroppen.

– Var dette valet smertefritt?

– Me meiner det var lurt å ta vare på skalet. Det var solid. Einaste aber var at det la føringar på etasjehøgder, fortel Thorset.

Under den høgtidlege markeringa av opninga på Ål kultur hus torsdag sa Jørgen Holestøl, avdelingsleiar for Veidekke i Hallingdal og prosjektansvarleg for helseutbygginga at byggjetida hadde vore rekordrask.

– Det ville ikkje gått utan godt samarbeid. Eg må trekkje fram Reidun Aaker og Sissel Skrindo som har stått på ute i felten, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Entreprenøren har løyst oppdraget mønsterverdig, både prosess og resultat, svara Tone Tveito Eidnes, byggherre og rådmann i vertskommunen Ål.

Med ferdigstillinga av helseutbygginga i Ål har entreprenøren lagt bak seg tre prosjekt, alle i storleiken 200–300 millionar kroner, inklusiv nye Gol skule.

– Kva no?

– Det blir vel lenge til me skal inn i så store prosjekt, men det er fleire spennande ting på gang i privat sektor i Hallingdal, seier Thorset.

* Heile helseutbygging kosta 302 millionar kroner (inkl. mva).

* Entreprisekostnad: 239,6 mill.

* Husbanktilsagn: 88,4 mill.

* Netto kostnad for Ål kommune: 168 mill.

* Hovudtreprenør: Veidekke Entreprenør avd. Hallingdal

* Rivearbeidet starta i juni 2015 og utvendig gravearbeid starta august 2015

* Delprosjekt 1 (Sjukestugu inkludert intermediær avd.) overlevert august 2016

* Delprosjekt 2 (Legevakt, legekontor, ny sansehage) overlevert september 2016

* Delprosjekt 3 (Omsorgsbustader og Kortidsplassar) overlevert desember 2016

* Byggetid: 18 månader

* Omfang: 8000 m², der 5250 m² er nybygg

* På det meste ca. 100 mann i arbeid på same tid

* Det er brukt 47.800 timeverk (tømrar og betongarbeid)

* Det er bora 23 energibrønnar

* Det er grave 1400 lengdemeter med grøfter

* Det er lagt 30.000 lengdemeter datakabel

* Det har gått med 2500 liter måling

* Utbygginga omfattar 354 rom