Det er meldt om fleire branntilløp etter lynnedslag sundag.
Det er meldt om fleire branntilløp etter lynnedslag sundag.

Brannvesenet inn med helikopter

Brannvesenet vart frakta med helikopter for å sløkkje ein brann i Nore og Uvdal.

Kring klokka 18 sundag kveld varsla Vestviken 110 om at brannmannskap frå Geilo rykka ut etter melding om ein lyngbrann ved Skaupsjøtunga.

Men området er vanskeleg å ta seg fram i, og brannvesenet vart derfor floge inn til brannen med helikopter. Omfanget av brannen er førebels uviss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannen i Nore og Uvdal var ikkje den første sundag. Den første utrykkinga var i Gol ved 17-tida. Då vart det meldt om branntilløp i ved Dugurdsnatten og vest for Robru.

Klokka 18 rykka mannskap frå Flå ut til Bjørnsbråten. Omfanget både i Gol og Flå er ikkje kjend.

Årsaka til branntilløpa er det kraftige torevêret. Også laurdag herja torevêret nokre timar. Då rykka brannvesenet i Nore og Uvdal ut på ein brann i ei buske etter eit lynnedslag i Borgegrendi og ein brann i ein trafo ved Fønnebøfjorden. Brannvesenet fekk raskt kontroll over brannane.