Pål Bjerke har sagt opp jobben som brannsjef i Hol. Årsaka er eit politisk vedtak i juni.
Pål Bjerke har sagt opp jobben som brannsjef i Hol. Årsaka er eit politisk vedtak i juni. Foto: Egil Blomsø

Brannsjef sa opp i protest

Brannsjefen i Hol, Pål Bjerke, seier opp. Årsaka er eit vedtak i utval for plan og utvikling tidlegare i sommar.

Vedtaket vart fatta i juni.

– Eg ser på dette vedtaket som eit prinsippvedtak som eg som brannsjef ikkje kan stå inne for, seier Bjerke.

Leilegheitsbygg

Vedtaket som førte til at Bjerke sa opp jobben 1. august, gjeld Vestlia Lodge.

Sidan januar i år har administrasjonen i Hol kommune og utbyggarane av Vestlia Lodge vore usamde om leilegheitsbygget tilfredsstiller krava til brannsikring. 25. januar i år varsla Hol kommune tilsyn. Tilsynet vart utført 5. februar med bakgrunn i at det var avdekt at bygget ikkje svara til dei godkjende byggeteikningane. Tilsynet stadfesta dette. Men i dagane mellom kommunens tilsynsvarsel og tilsynet hadde det kome ein søknad frå utbyggaren om endring. Teikningane viste at to rømmingsvegar var fjerna og dette arealet innlemma i leilegheitene. Endringane hadde vorte gjort utan at det ifølgje Hol kommune var søkt og godkjend. 13. februar avslo Hol kommune endringssøknaden. Det var også innstillinga til utval for plan og utvikling i juni. Eit fagleg fellesmøte med involverte aktørar vart halde i mai med mål om å kome fram til korleis ein skal forstå tolkinga av regelverket for brannkonseptet.

Strid om risikoklassar

Administrasjonen meinte nemleg at brannprosjekteringa var feil.

Vedtaket som vart fatta i utval for plan og utvikling vil, slik eg vurderer det, vere uheldig med tanke på brannprosjektering og sikkerheitsnivå for framtidig byggeaktivitet i Hol kommune.
Vedtaket som vart fatta i utval for plan og utvikling vil, slik eg vurderer det, vere uheldig med tanke på brannprosjektering og sikkerheitsnivå for framtidig byggeaktivitet i Hol kommune. Foto: Egil Blomsø
Rådmann Ole Johnny Stavn synest det er synd at brannsjefen sluttar.
Rådmann Ole Johnny Stavn synest det er synd at brannsjefen sluttar. Foto: Egil Blomsø

På tomta er det med utgangspunkt i reguleringsplanen ikkje løyve til å bygge bustader eller fritidsleilegheiter for privat bruk, stod det klart i rådmannens innstilling. Men med seks mot ei røyst (Sp) gav utval for plan og utvikling grønt lys for endringane på tre vilkår: Skilting av rømmingsvegar skal vere i samsvar med byggteknisk forskrift (Tek12), bygget må ha evakueringsplanar før det blir teke i bruk og det må gjennomførast uavhengig kontroll av brannsikringa. For det har vore fagleg usemje om bygget tilfredsstiller krava på dette feltet. Det er det kjende firmaet Rambøll som har utarbeidd brannkonseptet, og leilegheitene er plassert i risikoklasse 4 og parkeringshuset i risikoklasse 2. Hol kommune engasjerte tidlegare i år Sweco Norge for å få vurdering av ein tredje part. Sweco konkluderte med at bygget skulle har vore bygd i risikoklasse 6, og meiner bygget ikkje tilfredsstiller plan- og bygningslova.

– Uheldig

Bjerke reagerer på at politikarane ikkje støtta administrasjonen.

– Vedtaket som vart fatta i utval for plan og utvikling vil, slik eg vurderer det, vere uheldig med tanke på brannprosjektering og sikkerheitsnivå for framtidig byggeaktivitet i Hol kommune. Desse bygga endar til slutt som tilsynsobjekt for brannvesenet. Viss eg ikkje er samd i måten det har vorte klassifisert på, blir det tungt, seier Bjerke.

Han presiserer at dette er ein byggesak der brannvesenet gir eit høyringssvar.

– I ei byggesak er brannvesenet ein faginstans som gir uttale til byggesaksavdelinga, og plan- og bygningslova er gjeldande fram til ferdigattest blir gjeve. Etter at ferdigattesten er gjeve, blir brannlova med tilhøyrande forskrifter gjeldande for bygget, seier Bjerke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Redd for presedens

Spørsmålet han stiller no er om dette vil skape presedens når liknande saker skal behandlast.

– Kva skjer med neste utbyggar bygg no? Lågare risikoklasser betyr lågare byggekostnader. Når dette vedtaket er gjort, kvifor skal andre velje å betale meir?

Bjerke sa opp jobben 1. august.

– Det er ei kjedeleg sak og synd at det endar slik. Men når du ikkje er samd i eit vedtak, er det vanskeleg å forvalte eit regelverk, seier Bjerke.

...

Overraska politikarar

Leiar i utval for plan og utvikling, Jan Arne Øen (Ap), og Hallvard Lilleslett (Sp) er overraska over avgjerda til brannsjefen.

– Me tek dette til etterretning, seier Øen.

Han var ein del av fleirtalet på seks medlemmer som gav grønt lys for endringssøknaden frå Vestlia Lodge.

– Det er eit lovleg fatta vedtak. Me har halde oss til opplysningar som har kome i saka og i det faglege møtet i mai, seier Øen.

Lilleslett var den einaste som stemte for rådmannens innstilling om å avslå endringssøknaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg la meg på linje med administrasjonen nærast for å vere på sikre sida. Det er ei komplisert sak, seier Lilleslett. 

...

– Fagmann og god leiar

Rådmann Ole Johnny Stavn beklagar at brannsjefen har sagt opp.

– Me er lei oss for det. Bjerke er ein flink fagmann og ein god leiar. Det skal mykje til for å vippe han av pinnen, seier Stavn.

Stavn seier Bjerke saman med resten av brannetaten har gjort ein god, fagleg jobb.

– Det er trist, seier Stavn.

Om utval for plan og utviklings vedtak, der dei såg bort frå rådmannens innstilling, seier Stavn:

– Det er retten dei har.

No må kommunen avgjere kva dei skal gjere vidare. Bjerke sa opp frå 1. august, men jobben som brannsjef er ikkje lyst ut enno. Omorganisering kan også bli eit tema. I løpet av hausten blir det greidd ut ei sak om brannvesenet som skal til politisk behandling.