Eldsjel Marit B. Kolstadbråten.
Eldsjel Marit B. Kolstadbråten.

Borna ser brannar og drap - det er forferdeleg

Den politiske uroa i Kenya skaper utfordrande arbeidsforhold i Nairobi for Marit B. Kolstadbråten og Deaf Aid.

Den siste tida har det vore mykje uro i Kenya. Resultatet etter presidentvalet i august vart oppheva av høgsterett, og torsdag sist veke var det nyval. Slumområda i hovudstaden Nairobi har vore prega av opptøyar der etniske grupperingar, som støttar kvar si politiske side, kjempar mot kvarandre. Rundt ein million menneske er stua inn på 2,5 kvadratkilometer i Kibera, den største slummen i Aust-Afrika. Midt oppe i dette bur fleire av borna som organisasjonen Deaf Aid hjelper.

– Sidan borna er døve skjønar dei ikkje kva som skjer. Dei ser brannar og folk som blir drepne, det er ein forferdeleg situasjon, forklarar Marit B. Kolstadbråten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svoltne i slummen

For få dagar sidan kom ho til Nairobi, ein by som har stoppa heilt opp. Folk er ikkje på kontora sine, og skulane er stengde.

– Borna som Deaf Aid hjelper til dagleg må no vere heime i to månader. Skulane opnar ikkje før i januar, fortel ho.

Mange av borna går svoltne i slummen. Foreldra har reist ut av byen for å tene pengar.

Deaf Aid gjer kvardagen til døve born og unge i Kenya betre.
Deaf Aid gjer kvardagen til døve born og unge i Kenya betre.

– Me skulle ønskje me hadde pengar nok til å ta dei inn på ein leir, seier Kolstadbråten.

Trøytte og leie

Ho reknar med at Deaf Aid har mista tre til fire månader med arbeid grunna uroa i landet. Onsdag var første dagen med normal trafikk i gatene etter nyvalet.

– Men folk er veldig avventande til kva opposisjonen, med Raila Odinga i spissen, vil setje i verk no.

Valdeltakinga sist veke var på rekordlåge 38 prosent.

– Folk er trøytte og leie. Dei er leie av å miste inntektene sine og vil gå vidare med liva sine. Det syner valdeltakinga, seier Kolstadbråten.