Bjarne Tormodsgard har vore politisk kommentator for Hallingdølen undervegs i valkampen. Han er ikkje overtydd om at Sp får ordførarverv i Hallingdal, sjølv om dei kanskje blir valvinnar.
Bjarne Tormodsgard har vore politisk kommentator for Hallingdølen undervegs i valkampen. Han er ikkje overtydd om at Sp får ordførarverv i Hallingdal, sjølv om dei kanskje blir valvinnar.

Blir det alt eller ingenting for Senterpartiet?

Mykje tyder på at Senterpartiet kjem til å stå att som valvinnar. – Men når det gjeld makt, så er eg ikkje så sikker på at Sp blir vinnaren, seier Hallingdølens politiske kommentator.

Valkampen går mot vegs ende. Over helga går veljarane til urnene, og måndag kveld blir det klart kva for parti som kan heise sigersflagga rundt om i kommunane.

Grøn spådom frå Sp

Alt tidleg i valkampen vart det spådd at Senterpartiet kom til å gjera eit brakval. I august prata Hallingdølen med Viken Sp sine to toppkandidatar, Anne-Beathe Tvinnereim og Olav Skinnes. Dei meinte båe at alt låg til rette for eit heilgrønt Hallingdal etter kommunevalet. Skinnes meinte det var realistisk at Sp tek ordføraren i fem av seks kommunar i Hallingdal – Hol, Ål, Hemsedal, Nes og Flå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me skal kle Hallingdal grønt, sa Skinnes til Hallingdølen.

Ikkje så sikker

Og skal ein tru nasjonale meiningsmålingar er det store sjansar for at Senterpartiet jamt over kan gjera eit særs godt val. Men i så fall – treng det bety at partiet også får mest makt? Torsdag kom siste TV-debatt frå Hallingdølens valstudio for denne gong. Programmet vart runda av med ei oppsummering av årets valkamp frå Hallingdølens valkommentator, Bjarne Tormodsgard. Og han er sikker i si sak, knytt til Sp og ein eventuell valsiger:

– Mykje tyder på at Sp kjem til å gjera eit godt val. Eg trur partiet kjem til å bli valvinnar, i prosent. Men – når det gjeld makt, så er eg ikkje så sikker på at Sp blir vinnaren, seier han. – Det blir kanskje grøn farge når det gjeld oppslutning og representantar. Men når det gjeld ordførarar, så er eg ikkje så sikker på at Sp kjem til å gjera det spesielt sterkt, legg han til.

«Kan sitte att med null»

Han meiner partiet ikkje bør føle seg trygg på at dei får ordføraren korkje i Hol, Ål, Gol, Nes eller Flå. Når det gjeld ordførarklubba i Hemsedal og Nore og Uvdal er kampen derimot meir open, meiner han.

– I Hemsedal er det heilt ope. Der kjem småpartia til å vera med på å avgjere dette. I Nore og Uvdal kan Arbeiderpartiets Jan Gaute Bjerke klare å samle både Frp, Ap, Høgre og SV. Og i så fall, viss då ikkje Sp får reint fleirtal, så kan plutseleg Ap ta over ordførarvervet i Nore og Uvdal. I så fall kan Sp risikere å sitte att med null i vår region.

Det har vore ein god og fyldig runde med lokale debattar framfor valet. Men når det gjeld valkampen elles er valkommentatoren langt frå imponert. Mangel på kampsaker og klare skiljelinjer gjer årets val til eit ordførarval, framfor alt anna. I hovudsak er det berre i Hemsedal og i Nore og Uvdal at valet verkeleg blir ope, meiner Tormodsgard.

– Denne valkampen er noko av det stusselegaste eg har vore borti. Eg har følgt alle valkampar sidan 1982 her i Hallingdal. Og eg trur aldri eg har opplevd ein så tam og daud valkamp nokon gong. Og det gjeld alle kommunar, seier han.