Bjørnen søv ikkje lenger og Bjørneparken er open
Bjørneparken i Flå opna sesongen laurdag. Til sommaren kjem også ulven.
Det er ein forsiktig start på årets Bjørnepark-sesong i Flå, med kring 150 besøkande kort tid etter at dørene opna laurdag.
– Det handlar mest om å opne parken og kome i gang, seier Kees Oscar Ekeli, direktør i Bjørnerparken til Hallingdølens utsende.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men påska har vist seg å gi bra trafikk. Langfredag i fjor var det åleine 1200 innom for å sjå bjørnane som vaknar til liv etter vinterdvalen.
– Me ventar trykk i påska. Det er høgtid i parken, seier Ekeli.
Det er for tida fem bjørnar, og ingen nye bjørnungar i år, sjølv om dei yngste framleis er unge.
Parken har fått fleire løft dei siste åra. For to år sidan opna eit krokodilleland, og i fjor kom det ein berg- og dalbane. Fjoråret sette også ny publikumsrekord, med nærare 80.000 besøkjande.
I år blir det jobba med ei ny utviding, med ei eiga innhegning til tre svenske hannulvar. Det er planen å ha alt klart til 1. juni.
Målet er sjølvsagt fleire besøkande.
– Me har auka kvart år sidan 2014, og håpet er å gjere det same i år, seier Ekeli.