Jubelen stod i taket under valvaka til Arbeidarpartiet på Risan kafe på Rødberg. Valvinnar Jan Gaute Bjerke strekkjer armane i været.
Jubelen stod i taket under valvaka til Arbeidarpartiet på Risan kafe på Rødberg. Valvinnar Jan Gaute Bjerke strekkjer armane i været.

Bjerke: - Eg har følt at me har hatt bygda i ryggen

Arbeiderpartiet er den store valvinnaren i Nore og Uvdal med 38,9 prosent av stemmene og ni representantar i kommunestyret. Jan Gaute Bjerke kan gjera seg klar til å overta ordførarkontoret.

Etter åtte år med Sp-styre erArbeiderpartiet tilbake som det klart største partiet i Nore og Uvdal.

Ap auka frå 5 til 9

Måndagskvelden vart ei feststund for partimedlemmene som var samla til valvake på Risan kafe. Jubelen stod i taket då Bjerke tok telefonen for å kommentere brakvalet for Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har følt at me har hatt bygda i ryggen og hadde håp om å gjera eit bra val. Og det slo til. Men det var i overkant å auke frå fem til ni representantar. Me var også på nippet til å få den tiande, seier ein strålande fornøgd Jan Gaute Bjerke når valresultatet er klart.

Ein framgang frå 22,8 prosent til 38,9 er formidabelt. At Bjerke overtek som ordførar i Nore og Uvdal, gir dårlege odds. Sjølv vil han ikkje forskottere det.

– Det er for tidleg å seie. Me er avhengige av å samarbeide med andre, men me har eit godt grunnlag å forhandle på, seier ein nøktern valvinnar.

Nore og Uvdal.
Nore og Uvdal.
Jan Gaute Bjerke (Ap) kan gjera seg klar til fire år som ordførar i Nore og Uvdal.
Jan Gaute Bjerke (Ap) kan gjera seg klar til fire år som ordførar i Nore og Uvdal.
Valvinnar Jan Gaute Bjerke (i midten) ventar spent på resultatet under valvaka til Ap.
Valvinnar Jan Gaute Bjerke (i midten) ventar spent på resultatet under valvaka til Ap.

Sp mista to av ti

Senterpartiet har vore det største partiet i kommunestyret med heile ti representantar etter brakvalet for fire år sidan som gav heile 42,8 prosent. Denne gongen vart Sp taparen sjølv om dei framleis er nest størst med 34,4 prosent og åtte plassar i kommunestyret.

– Ein liten tilbakegang etter brakvalet for fire år sidan var ikkje uventa. No er me tilbake på «normalen» etter at me stanga hovudet i taket sist. Men me er ikkje fornøgde med at Sp ikkje lenger er største partiet. Arbeiderpartiet har hatt ei skikkeleg mobilisering og ei sterk liste. Det er berre å gratulere Ap og Bjerke med eit kjempeval, seier Senterpartiet sin ordførarkandidat, Lars Inge Enerstvedt til Hallingdølen.

– Har du gitt opp å bli ordførar?

– Nei, eg har ikkje gitt opp, fyrst må me forhandle.

– Kunne gått verre

For Høgre vart valet i Nore og Uvdal nesten uendra frå sist med ein tilbakegang frå 17,5 til 15,8 prosent, og framleis fire representantar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kunne ha gått verre. Me held stand når ein ser trenden på landsbasis. Valresultatet vart som venta, men me hadde håpa på ein eller to til, seier Høgre sin ordførarkandidat, Nils Helge Tufto.

– Så no blir Bjerke ordførar og du varaordførar?

– Det er for tidleg å seie. Fyrst må me forhandle. Me har ikkje prata om det enno. Det vil skje dei nærmaste dagane.

Fremskrittspartiet vart halvert frå 11,2 til 5,5 prosent og mista to av tre representantar i kommunestyret.

– Me var litt førebudd på at det kunne skje, men håpa at me berre mista ein, seier toppkandidat Morten Rudi Sommer.

Sosialistisk Venstreparti kjem tilbake med sin eine representant, Tov Sandnæs, etter å ha fått 5,4 prosent av stemmene.