Ein mann i 70-åra har køyrd av vegen og hamna på taket på Rv7 i Ål.
Ein mann i 70-åra har køyrd av vegen og hamna på taket på Rv7 i Ål.

Bil hamna på taket

Ein mann er køyrd til legevakt etter ei trafikkulykke i Ål.

Nødetatane rykte onsdag ut til ei trafikkulykke på Rv7 ved Strandafjorden i Ål. Ein einsleg bil hadde køyrd av vegen og landa på taket. Føraren, ein mann i 70-åra frå Geilo, var åleine i bilen. Ifølgje politiet var han vaken etter ulykka, men kjende seg mørbanka. Det er truleg ikkje snakk om store personskader. Mannen vart like fullt tatt med til legevakta for sjekk. Føraren har også fått førarkortet inndrege. Årsaka til førarkortbeslaget er førebels ikkje heilt klar, men truleg dreier det seg om aktlaus køyring, og dermed brot på vegtrafikklova. Trafikken flaut greitt forbi ulykkesstaden, med omkøyring via Breie.