Slik ser området rundt Ulsåkstølen ut.

Ber utvalet avvise hytteplan: – Endringa er negativ, forstyrrande og øydeleggande

Naturvernforbundet i Buskerud er krystallklare: Byggeplanane på Ulsåkstølen bør få tommel ned.

Torsdag får hovedutval for plan og ressurs i Hemsedal ein ny hytteplan på bordet; utbygging av utleigehytter på Ulsåkstølen.

Ti mindre hytter

Planen har alt utløyst naboprotestar, og i sakspapira frå kommunen er det faglege rådet å avslå planen. Det blir blant anna hevda at ei utbygging av Ulsåkstølen vil bryte med nasjonale og regionale føringar for arealforvaltning og at forslaget vesentleg vil påverke landskapsbiletet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Lanserer ny hytteplan - møter sterk motstand frå naboar og kommunen

Planforslaget som torsdag ligg på planutvalets bord handlar om ti «småhytter» og ei litt større.

– Dette skal vere eit overnattingstilbod ved fjellstova, som inkluderer full pakke med aktivitetar og servering av frukost og middag. Dette er «hotellrom», som er meint å styrke fjellstova, sa Anne Ulsaker Bækken ved Ulsåkstølen Fjellstugu til Hallingdølen rett før helga.

Vil verne området

Naturvernforbundet i Buskerud har registrert planane, og sende denne veka eit brev til kommunedirektøren, plansjefen, dei politiske gruppeleiarane og medlemmane i planutvalet. Brevet er signert fylkessekretær Tor Kristian Eriksen og styreleiar i Hallingdal, Olav Arne Løstegaard.

Her krev dei at kommunen må stanse planane, samtidig som dei rosar konklusjonen som kommunedirektøren har kome med i sakspapira.

– Me ønsker likevel å peike på nokre moment som me legg stor vekt på, skriv Eriksen og Løstegaard.

– Dei landskapsmessige nær- og fjernverknadene av planforslaget vil endre områdets karakter på kort og lengre sikt, med tanke på setermiljøet og ikkje minst Skogshorn. Den endringa er negativ, forstyrrande og øydeleggande, meiner dei.

Naturvernforbundet fryktar også at ei utbygging i setermiljøet vil bli følgt opp av nye planforslag, og at dette vil til slutt vil leggje press på heile området.

Dei peikar også på at planområdet ligg innanfor verneplanen for vassdrag i Skogshorn-området, og at det derfor må ha eit spesielt vern.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Spelplassar for orrfugl må ikkje bli forstyrra, og utbygging vil gi større ferdsel, noko som vil vere negativt for plante- og dyrelivet, skriv dei.