Tom Rune Hagen (36) frå Nore og Uvdal har vore sporlaust borte sidan 30. juli.
Tom Rune Hagen (36) frå Nore og Uvdal har vore sporlaust borte sidan 30. juli.

Ber publikum hjelpe til i søket

Frivillige leitemannskap held fram med å søke etter Tom Rune Hagen frå Nore og Uvdal.

Tom Rune Hagen (36) har vore sporlaust borte i snart to månader. Etter at politiet avslutta sin operative leiteaksjon 20. august har familien til Hagen engasjert mannskap frå den private leitegruppa Norges letegruppe. Det var denne gruppa som sist helg gjorde funn som kan knytast til Hagen.

– Me sett i gang søk laurdag, i områda der me gjorde funn førre helg. No går me inn med undervannskamera og to søkshundar. Politiet vil også bistå med søkshund over helga, seier Christopher Ekerhovd Gore frå Norges letegruppe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ber frivillige stille i søket

Norges letegruppe ber no frivillige om å møte opp og hjelpe til i søket.

– Me oppfordrar folk på det sterkaste til å sette av litt tid om dei har, for å bistå oss i søket. Folks om vil bidra kan møte opp på Persgård camping i Uvdal klokka 10, både laurdag og sundag, seier Gore.

Sporlaust borte

Tom Rune Hagen vart sist sett i Uvdal sundag 30. juli og meldt sakna til politiet 8. august. Han skal ha fortalt dei han sist var i kontakt med at han skulle på fjelltur. Politiet, frivillige leitemannskap og store mannskap frå Røde Kors har leita etter Hagen utan å finne spor. Førre helg fann Norges letegruppe sko og andre gjenstandar som kan høyre til Hagen. Politiet ser ikkje bort ifrå at han kan ha vore utsett for ei kriminell handling.

Christopher Ekerhovd Gore, Norges letegruppe.
Christopher Ekerhovd Gore, Norges letegruppe.

Politiet ber publikum om å ta direkte kontakt med Gol og Hemsedal lensmannskontor på telefon 32029500 dersom dei har opplysningar eller finn gjenstandar som kan føre til oppklaring av saka.