Det er tungt for den vesle simla å bevege seg med den enorme isklumpen i halsbandet. Ikkje minst med tanke på kjøttsåret i nakken. Det går ikkje lange tida mellom kvar gong ho må legge hovudet mot marka for å kvile.
Det er tungt for den vesle simla å bevege seg med den enorme isklumpen i halsbandet. Ikkje minst med tanke på kjøttsåret i nakken. Det går ikkje lange tida mellom kvar gong ho må legge hovudet mot marka for å kvile.

Ber Mattilsynet granske saka grundig

Dyrevernalliansen forventar at Mattilsynet ikkje gir nye løyve til radiomerking før saka er grundig granska.

Dyrevernalliansen har i fleire år stilt spørsmål ved metodane forskarane brukar for merking av ville dyr.

Biolog og dagleg leiar i Dyrevernalliansen, Anton Krag reagerer på at det har teke så langt tid å få sendt ein endeleg rapport om hendinga ved Geiteryggen til ansvarlege styresmakter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Forskarane har plikt til å melde inn avvik som går på dyrevelferd, seier han. I tillegg peiker han på at det er eit klart ønske frå både alliansen og styresmaktene at dyr ikkje skal ha på sendarar lenger enn nødvendig.

Verdilaus

Krag seier kvaliteten på dyreforsøka kan bli sterkt forringa når forskarane ikkje kan dokumentere at dei ikkje påfører dyra unødvendige lidingar. Ein føresetnad for merkeforsøk, er at dyra oppfører seg som vanleg, og at fysiologien ikkje blir påverka. I verste fall kan forskinga bli verdilaus.

– Internasjonale forsøk med pingvinar over fleire år, synte seg å vere verdilause då det vart oppdaga at merkinga utført av forskarane endra åtferda til dyra, fortel Krag.

Drop off

Krag tykkjer det er for mange uklart kring spørsmål om kva for dyr som får halsband med såkalla drop off-funksjon. Kvifor får ikkje alle det, spør han, sidan teknologien finst?

– I søknaden seier dei at alle halsbanda skal ha forsvakningssone, mens «der det er hensiktsmessig» får dei også «drop-off»-halsband. Hadde villreinen med isklump båe delar? Om ikkje, kvifor var det «hensiktsmessig» å ikkje ha dobbel sikring mot at dette dyret gjekk med eit ikkje-fungerande halsband og til slutt led ein smertefull død?, spør han.

Rydd opp

Krag meiner at saka ber preg av manglande forståing for dyrevelferd, uklare retningsliner og uoversiktleg praksis frå NINA si side. Han meiner det er på høg tid at forskarane ser til at velferda for dyra blir teken betre vare på, og at Mattilsynet bør setje ein stoppar for desse dyreforsøka inntil dette blir gjort.

– Det bør og førast tilsyn på dyreforsøk på ville dyr, noko som til ein viss grad blir gjort på dyreforsøk i laboratorium. Død og synlege skadar er svært grove indikatorar på at dyret har lidd lenge. Utmatting, stress, varmetap og andre fysiske og psykiske påkjenningar kan påføre liding i lang tid før synlege skadar og død inntrer, meiner han.