Sindre Åsegård Kaspersen (17) bur på Torpo. For han er det høgst aktuelt å begynne med munnbind på bussen.

Ber elevane bruke munnbind

Etter mange bekymringsmeldingar frå både foreldre og elevar om skuleskyssen på vidaregåande, blir ungdom i Hallingdal no bedt om å bruke munnbind på bussen.

– Det er veldig trongt. Me kunne tenkt oss ein buss til på kvar rute, seier Helene Rust og Elise Malstenbråten. Dei er begge 16 år, og har nettopp starta på Ål vgs. Onsdag ettermiddag stod dei klare til å ta bussen heim etter endt skuledag.

– Me skulle gjere hatt fleire sitteplassar, seier dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Har de fått råd om å bruke munnbind i dag?

– Dei vil helst at me skal bruke det, men det er valfritt, seier Rust.

– Det er ikkje sikkert alle veit kor dei skal få tak i det, supplerer Malstenbråten.

– Kjem de til å bruke det?

– Me må prøve på det, seier 16-åringane.

Det same seier Sindre Åsegård Kaspersen.

– Det er veldig fullt på bussen. Eg bur på Torpo, så eg må berre ta det setet som er ledig. Eg tenker det kanskje kan vere lurt å bruke munnbind, i alle fall når det er heilt fullt på bussen, seier han.

Helene Rust og Elise Malstenbråten har begge opplevd fulle bussar.

Etter skulestarten denne veka har mange opplevd fulle bussar som frakta elevar til og frå skulen. Det har fått både elevane sjølve og foreldre til å reagere.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har hatt ein skikkeleg disputt med Brakar, og den har gått føre seg i lang tid, seier kommuneoverlege Geir Strømmen.

– Logisk brist

Då skulane opna måndag, var det på såkalla «gult farenivå». Dei har lagt opp til strenge og gode smittevernreglar. Kommuneoverlegane i Hallingdal har meint at det burde vere gult nivå også på skuleskyssen.

– Me meiner det bør vere same krav til transportørar som til skulene. Men Brakar har fått gjennomslag for det dei har bestemt, og viser til både Utdanningsdirektoratet og fylkeskommunen. Det kan godt vere at dei har rett i det dei hevdar, men me er opptatt av smittevernet, seier Strømmen.

– Me ser ikkje forskjellen på gult farenivå på skulen kontra skulebussen. Det er ein logisk brist her. Skulene er nøye på å halde det gule farenivået, og alle stiller lojalt opp for å følgje reglane. Det er kjempeviktig. Men på bussen er det altså fritt fram.

Elevar venta på skulebussen onsdag ettermiddag.

Ål vidaregåande skule var raskt ute i går med å informere sine elevar om at dei no blir bedne om å bruke munnbind. Dette må ungdommane sjølv skaffe seg.

– Eg har stor tru på at ungdommen ser alvoret i situasjonen, og gjer dette, seier Strømmen.

Nest best

Hans kollega Nils Høva er heilt eining.

– Det viktigaste ein kan gjere for å unngå smitte, er å halde avstand til kvarandre. Det gjeld også på bussen. Munnbind er det nest beste tiltaket, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand til kvarandre, må ein vurdere å bruke munnbind.

Problemet skal berre gjelde bussane til og frå vidaregåande skuler. Høva fortel at i Nesbyen har skuleskyssen til og frå grunnskulen gått fint føre seg.

– Signalane me har fått dei første dagane tyder på at alt er på stell, seier han.

Terje Sundfjord er administrerande direktør i Brakar. Han seier dei følgjer trafikklysmodellens gule nivå. Her seier rettleiaren frå Utdanningsdirektoratet blant anna følgande: «Elevar som er avhengig av skuleskyss kan ta buss eller anna transport for å kome seg til og frå skulen. Elevar kan sitte saman eller stå saman på bussen, men bør halde avstand til andre reisande. Unngå kontakt ansikt til ansikt i størst mogleg grad».

– Me forstår at alle er litt bekymra for smitten akkurat no, men me må planlegge transport ut frå dei anbefalingane me får frå FHI og Utdanningsdirektoratet. Me er ikkje smittevernekspertar, me kan kollektivtransport. Derfor må me stole på råda me får frå myndigheitene, seier Sundfjord.

Han bekreftar at Brakar tilbyr skuleskyss tilsvarande det som er definert som gult nivå, akkurat slik skulen gjer.