Politiet held vakt ved den parkerte fluktbilen i Grøndalen etter bankranet i Hemsedal 13. desember 2002.

Bankranet som podkast: – Det er ikkje berre spenning, sjokk og «true-crime», men også personlege historier

Korleis er det å vere i eit lokale som blir utsett for ran? Det blir skildra i Hallingdølens ferske podkast «Bankranet i Hemsedal».

Som ein del av «Røynda», Hallingdølens historieforteljande podkast, kjem no «Bankranet i Hemsedal». Historia om kva som skjedde i Hemsedal Sparebank 13. desember 2002, og jakta på ranarane som vart gjort av lokalt politi blir for fyrste gong presentert i lydformat.

– Då me starta med Røynda jakta me spesielle historier i Hallingdal. Med min bakgrunn som fotojournalist har biletarkivet til Hallingdølen vore ei viktig kjelde. Der dukka dette ranet opp for fyrste gang for meg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bilete frå videoovervakinga i banken.

– Var veldig gira

Det seier journalist Elias Dahlen som denne veka legg siste hand på verket på to podkast-episodar om bankranet i Hemsedal.

– Sjølv om me landa på å lage den fyrste podkasten om trippeldrapet på Geilo har denne historia heile tida vore bak i hjernen. Eg hadde lenge ein teori om at saka hadde bindeledd til NOKAS-ranet, seier han.

– Når me vart ferdig med prosjektet og podkasten frå skredet i Hol til påske hadde eg lese meir om ranet. Eg var veldig gira. Det er ei historie verdt å lage.

Dahlen seier du i løpet av to episodar får høyre frå dei som var i banken 13. desember 2002, då to maskerte menn på brutalt vis stakk av med 100.000 kroner i kontantar.

– Det er så vidt eg veit eit av veldig få ran som fann stad ute i distriktet med folk frå ransmiljøet i Oslo, og den bølga som slutta etter NOKAS-ranet.

Høyr podkasten her:

Løyste saka lokalt

I tillegg får du historia om Gol og Hemsedal lensmannskontor som sjølv tok jobben med å etterforske saka.

– Og dei løyste det. Utan bistand. Det er nok ganske unik. Det einaste dei fekk hjelp til var å gjennomføre avhøyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vignett til podkast om bankranet i Hemsedal i 2002.

– Ikkje berre spenning og sjokk

I tillegg til den dramatiske hendinga har Dahlen, som for fyrste gong har produsert ein podkast åleine, valt å fokusere på dei personlege skjebnane.

– Å diskutere med seg sjølv reint kreativt kan jo vera utfordrande, men eg føler at historia gir deg noko.

– Det er ikkje berre spenning, sjokk og «true-crime», men også personlege historier som blir løfta. Eg håpar eg har klart å få det fram.

Espen Mjølid (til venstre) og Bent Engebret Øye etterforska saka og fekk til slutt dømt tre menn for bankranet i Hemsedal.

– Kven høyrer me frå?

– Dei som var i banken, primært Unni (Mythe red. merk.) som sat i skranken. Ho vart sparka og kommandert. Hendinga prega livet hennar etterpå. Me får også høyre frå sikkerheitsansvarleg på den tida, som hadde ansvaret for rutinane i banken.

Også to politimenn blir intervjua i podkasten; Bent Øye og Espen Mjølid.

– Øye har same stilling i politiet no som då. Mjølid, som var hovudetterforskar i saka, vart så engasjert at han jobba ei periode i ransavsnittet i Oslo.

– Er det historie som kjem til å vekke minner hjå hallingane?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er i kvart fall ei historie mange i Hemsedal hugsar. Banken ligg rett over Hemsedal Cafe, og det var mange vitne til hendinga.

Podkasten «Bankranet i Hemsedal» kjem ut i helga og er gratis der du høyrer podkast. Alt no kan du høyre ein smakebit:

Bankranet i Hemsedal: Unni Mythe var på jobb og vart beordra av ranarane.