Overgrepa skal ha gått føre seg over fleire år og fram til juni i år. Då vart mannen arrestert og varetektsfengsla.
Overgrepa skal ha gått føre seg over fleire år og fram til juni i år. Då vart mannen arrestert og varetektsfengsla.

Avslørte sex-overgrep på nettet

Politiet har sikta ein mann for nettovergrep mot ei rekkje unge jenter.

Overgrepa skal ha gått føre seg over fleire år og fram til juni i år.

Då vart mannen arrestert og varetektsfengsla. Han er fengsla på grunn av fare for gjentaking.

Artikkelen held fram under annonsen.

Unge jenter

Ofra er unge jenter i alderen 12–18 år. Politiet har så langt identifisert 27 jenter.

– Ingen av jentene er frå Hallingdal, seier politiadvokat Hildegunn Teigen i Nordre Buskerud til Hallingdølen.

Av omsyn til etterforskinga vil ikkje politiet gå ut med kor mannen er heimehøyrande.

– Jentene er utsett for krenkande seksuell åtferd på nettet. Framgangsmåten er at han ofte har gitt ut seg for å vere politimann. I fleire tilfelle har han også introdusert ein fiktig tredje person som jentene har kledd av seg framfor, seier Teigen.

– Ta kontakt

Politiet veit ut frå analysane som er gjort av beslag at det er fleire ofre.

Derfor ber politiet jenter som har opplevd noko ubehageleg på nettet og kjenner seg att i framgangsmåten til den sikta mannen om å ta kontakt med politiet på Hønefoss.

Fleire møtestader

Dei aktuelle overgrepa i denne saka har i stor grad funne stad på nettstaden «Omegle», men også andre møtestader der barn blir utsett for overgrep av vaksne er aktuelle.

Dersom foreldre eller barn blir merksame på overgrep på nett vil det ofte vere mogleg å identifisere gjerningsmannen ved hjelp av IP-adresser. Det var slik politiet avslørte gjerningsmannen i denne saka.