annonse

Avgjorde på standplass

Dobbel NM-meister
Dobbel NM-meister: Eline Grue (Kvikne IL) vann sundagens fellesstart for kvinner. Biletet er frå målpassering i laurdagens NM-sprint på Liatoppen. (Foto: Tor Folgerø)

Eline Grue vart dobbelt norgesmeister etter at ho sundag vann fellesstarten i NM på Liatoppen.

Tor Folgerø

– Artig å vinne. Det var jamt frå start og vanskeleg å skaffe seg ei luke i sporet. Då blir det ein skytekonkurranse. Og i dag hadde eg tur, sa ho til NRK etter målpassering. Sundag skaut Grue 19 av 20 treff. Ho slapp unna med éin strafferunde.

I laurdagens sprint gjekk ho inn til andre beste tid, men vart kåra til vinnar etter at Karoline O. Knotten fekk tidsstraff på grunn av ein manglande strafferunde. Sprint-sigeren laurdag kom som ei overrasking etter målpassering. Slik var det ikkje sundag. På fellesstarten hadde ho ei luke på 43 sekund ut på sisterunden.

Sundag var det berre Ingrid Landmark Tandrevold (Fossum IF) som stilte til start av landslagsløparane.

– Skuffande at det ikkje er fleire eliteløparar som stiller. Det er synd for arrangøren og dei andre utøvarane, som har ein sjanse til å få måle seg mot eliten, sa ekspertkommentator Liv Grete Skjelbreid. NRK sine ekspertar rekna Tandrevold som klar favoritt til å vinne.

Tandrevold hadde klart størst fart i skisporet, men med totalt fire bom, og to bom på siste ståande, måtte ho kjempe for medaljen.

Ho bokstaveleg stupte over målstreken  etter ein hektisk innspurt. I den vesle utforkøyringa ned mot mål datt ho og brakk staven. Men ho hadde ei tilstrekkeleg stor luke bak til neste løpar til at ho rakk å kome seg opp og skøyte dei siste metrane over mål. Ho kneip andreplassen, framfor Lotte Lie (Skatval Skilag), som tok bronsen.

I kvinnenes fellesstart var det ingen lokale løparar som deltok.

annonse