Auka fare for skred
Sjølv om den offisielle snøskredvarslinga ikkje er i gang før 1. desember oppmodar NVE alt no om å tenke snøskredfare.
Mykje nedbør dei siste dagane fører til auka skredfare. I dei områda som får mest nedbør vil skredfaren kunne kome opp i 4 – stor. Eit av områda dette gjeld er Hordaland, spesielt område i Hardanger og Voss, skriv Snøskredvarslinga i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) på nettstaden varsom.no. Det betyr at det også er auka fare for snøskred i Hallingdal.
Snilt terreng
På sinefacebooksider har Snøskredvarslinga lagt ut ein video som minner folk på snøskredfaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
– For mange er det sesongstart for toppturar denne helga, og det har kome ein heil del snø, seier Markus Landrø. Videoen er filma i Hemsedal.
Det er kome mykje snø i fjellet, og folk må vere varsame.
– Når me enno ikkje har eit oppdatert skredvarsel å basere oss på er det viktig å velje eit turterreng som ikkje er så bratt, oppfordrar han.
Sjå videoen her:
Overvaker forholda
Varsom.no startar med daglege varsel frå 1. desember, men vil sende ut snøskredvarsel dersom snøskredfaren i eit eller fleire fylke er stor eller svært stor. Ekspertane kjem med følgjande råd til folk som legg ut på tur: «Unngå terreng brattare enn 30 grader med til fokksnøen har stabilisert seg. Dette kan ta nokre få dagar. Det er størst fare for skred på kul-formasjonar i terrenget og der fokksnøen er laus».
Gode råd
Snøskredvarslinga gjer også fire gode råd for å unngå snøskred tidleg i sesongen:
- Følg med på forholda. Alt no kan du måtte gjere dei same vurderingane som midt på vinteren.
- Ta det roleg i starten dersom du skal ut på skitur. Bruk dei første turane til å trene med skredutstyr.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Skaff deg fersk kunnskap om snøskred. Det kan vere lenge sidan du har gjort vurdering av skredfare. Bruk tid til å repetere ved å lese Snøskredskolen på Varsom.no.
- Hugs at den nye snøen treng tid til å stabilisere seg.