Slik ser det ut på Strandavatn i Hol tysdag. Det er ikkje snø på isen, og ikkje mogeleg å køyre snøskuter.

Åtvarar mot dårleg is: - Ikkje beveg deg ut på snødekte vatn

Hafslund Eco åtvarar mot dårleg is på mange vatn i Hallingdal.

Det har vore ein mild haust; det har ført til dårleg is for årstida. Dette gjeld fleire av fjellmagasina. Det er Hafslund Eco som har bygd ut vassdraga i Hallingdal og som er ansvarleg for sikkerheita rundt fjellmagasina.

Selskapet har sett opp skilt på land, men det er ikkje stikka løyper eller sett opp isgjerde fordi det ikkje er trygt å ferdast på isen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hafslund Eco oppfordrar publikum til å respektere skilt og ikkje bevege seg ut på snødekte vatn, skriv selskapet i ei pressemelding.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har lagt ut ei ismelding på sine nettsider. Ismeldinga gjeld for persontrafikk på islagde vatn, og baserer seg på målingar frå utvalde stader. Informasjonen er generalisert for større område. Det vil alltid vere lokale variasjonar som ikkje blir fanga opp av melding.

Sjekk iskartet til her.

Les også
Produserer snø til 50.000 kroner dagen: - Rein galskap, men nødvendig
Les også
I dag kostar det 1000 kroner i straum å mjølke geitene: - Det er ganske dramatisk
Les også
Fekk 260 000 til banebygging: - Me vart rundlurt og mållause
Les også
Endå ei gladnyheit - Protan blir verande i Hallingdal
Les også
Ber folk ikkje reise på hytta for å sitje i karantene eller isolasjon: – Bekymra for at kapasiteten blir sprengt