Ann Opheim Jørgensen er samfunns- og næringsutviklar i Nes kommune.
Ann Opheim Jørgensen er samfunns- og næringsutviklar i Nes kommune.

Åtte vil bli rådmann i Hemsedal

To rådmenn er blant dei åtte som har søkt rådmannsjobb i Hemsedal. Minst tre søkjarar er lokale.

Sveinung Halbjørhus gir seg som rådmann i Hemsedal 1. august.

Då søknadsfristen for å overta jobben gjekk ut 10. juni, var det kome åtte søkjarar. Fem er menn og tre kvinner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Minst tre lokale

Det er fleire lokale namn blant søkjarane. Ann Jørgensen bur i Hemsedal og er samfunns- og næringsutviklar i Nes kommune. Gry Herland både bur og arbeidar i Hemsedal. Ho er dagleg leiar ved Hemsedal statleg mottak. Ho har søkt på jobben også tidlegare. Leon Grinde er busett i Nes. Den tidlegare høgrepolitikaren søkte også på rådmannsjobben i Nes i 2008.

Namnet til ein av søkjarane, ein mann på 37 år, var fredag enno ikkje offentleggjort. Søknaden om slikt unntak var då til vurdering.

Her er søkjarlista:

* Erik Eiknersson Eichner (45), Nordagutu

Gry Herland er mottaksleiar på asylmottaket på Tuv.
Gry Herland er mottaksleiar på asylmottaket på Tuv.

* Leon Grinde (54), Nesbyen

* Gry Herland (47), Hemsedal

* Thore Hopperstad (51), Træna

* Ann Jørgensen (52), Hemsedal

* Lars Gunnar Marken (33), Rørvik

Artikkelen held fram under annonsen.

* Inga Sørensen (49), Havøysund

To rådmenn

Måsøy kommune har hatt Inga Sørensen som rådmann og økonomisjef sidan april 2014. Også Thore Hopperstad starta i jobben som rådmann i fjor, i Karasjok.

Erik Eiknersson Eichner er i dag studieleiar ved master- og etter- og vidareutdanningane ved Høyskolen Diakonova. Lars Gunnar Marken har bakgrunn frå politikken, gjennom partiet Venstre. Han har også arbeidd med hjelpearbeid i Kviterussland.