Finse. Bergensbanen
Finse. Bergensbanen

Åtte turistar sat fast på Finse

Åtte turistar er berga ned til Geilo etter å ha sitte fast på Finse.

I ettermiddag sette Vest politidistrikt i gang ein redningsaksjon for å berge ei gruppe indiske turistar - fire vaksne, tre barn og ein baby – som sat fast på Finse. Turistane kom med tog frå Geilo på føremiddagen, og gjekk av på Finse for å sjå og oppleve snø. Det skriv Vest politidistrikt på Twitter. Indarane gjekk av toget i den tru at dei kunne ta eit austgåande tog tilbake seinare på dagen. Men det går ingen fleire tog før i morgon, 1. juledag. I tillegg er Finse Hotell stengt. Eit arbeidstog vart difor sendt frå Ål stasjon for å hente turistane. I følgje NRK vart dei åtte tekne hand om av ein lokal koordinator som heldt dei varme på eit venterom, medan dei venta på arbeidstoget frå Ål.