Arrestert i Danmark etter valdshending - fengsla i fire veker

Ein litauer i 30-åra har vore på rømmen etter ei valdshending i Hol tidlegare i vinter.

Etter å ha vore etterlyst internasjonalt vart han pågripen på grensa mellom Tyskland og Danmark i påska. No er han tilbake i Norge.

– Mannen vart henta av norsk politi onsdag, og blir framstilt for fengsling i Drammen torsdag klokka 14:00, opplyste politiadvokat Gülcan Øzalp ved 12-tida torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seinare på dagen vart det stadfesta at mannen blir fengsla i fire veker.

Kjende kvarandre

Det var i desember i fjor valdshendinga skjedde. Ein mann i 50 åra, også han frå Aust-Europa, vart utsett for valdshandlingar og sendt til sjukehus med alvorlege skader.

Både fornærma og sikta var i Hallingdal for å jobbe, og dei skal ifølgje politiet ha kjent kvarandre.

Politiet har vore sparsame med opplysningar rundt sjølve hendinga i og med at sikta ikkje har vore avhøyrt. Den sikta reiste nemleg frå landet kort tid etter hendinga.

Samtykte

Han vart etterlyst internasjonalt, og i påska vart mannen pågripen då han var på veg frå Tyskland til Danmark.

Les også
Stakk frå landet etter vald: – Kravet vårt om utlevering står ved lag

– Mannen samtykte i utlevering til Norge, opplyser politiadvokat Øzalp. Ho fortel at pågripinga skjedde utan dramatikk.

Han har site i varetekt i Danmark inntil onsdag då norsk politi tok han med til Norge.

– Alvorleg sikting

Mannen vart framstilt for fengsling torsdag klokka 14:00, med krav om fire vekers varetekt med brev- og besøksforbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet fekk medhald i fengslinga.

– Kva kan du seie om siktinga?

– Han har ei alvorleg sikting mot seg, som ikkje har vorte svekt. Den går ut på å ha påført den fornærma kroppsskade, opplyser Gülcan Øzalp.