Kommuneoverlege i Gol kommune Jagannivasan Thurainayagam.

Antistoff-testing: Har justert opp smittetalet frå 10 til 17

Kommunane i Hallingdal har tatt antistoffprøver av ei lang rekke menneske dei siste vekene. Resultata handterer dei på ulikt vis.

Nokre kommunar, som Gol og Flå, justerer opp talet på registrerte koronasmitta ut frå svar dei har fått på antistoffprøver. Det gjer til dømes ikkje Ål og Hol.

Mange er testa

Kva er desse antistoffprøvene? I Hallingdal har dei vel 100 som vart bekrefta smitta under det store koronautbrotet blitt bedt om å kome til legen for å ta ein blodprøve. I tillegg til desse 100 har ei lang rekke andre også blitt testa. Å ta ein prøve for å sjå om du har antistoff i kroppen har to formål:

Artikkelen held fram under annonsen.

For det første vil funn av antistoff stadfeste at du har vore råka av koronaviruset. Dette er viktig å slå fast i dei tilfella der ein har vore usikker, fordi ein ikkje har fått gjennomført ein vanleg koronatest. For det andre kan funn av antistoff i blodet bety at ein er immun mot viruset. Men dette er det enno ikkje noko garanti for. Ekspertane er ikkje 100 prosent sikre.

Antistoff

Når me menneske blir smitta av eit virus, vil kroppen vår godkjenne det som eit framand element. Kroppen sine immunceller startar raskt produksjon av stoff som skal nedkjempe inntrengaren, det er desse stoffa som blir kalla antistoff. Etter dagar og veker, når den akutte infeksjonen er over, har kroppen danna stabile antistoff som er lagra og klare til å bli sett i aktivitet ved ein eventuell seinare smitte av same virus.

Frå 10 til 17

Gol har under koronautbrotet stått med ti bekrefta tilfelle av smitte. Desse er påvist ved ein koronatest, der det er brukt ein vattpinne til å ta prøve frå nase og svelg.

No justerer dei opp talet til 17. Antistoffprøvene har nemleg vist utslag på sju personar, fortel kommuneoverlege Jagannivasan Thrainayagam.

– Dette er personar der me i utgangspunktet mistenkte sjukdom, men som ikkje vart testa. På den tida var det slik at ein ikkje kunne teste alle, seier han. Då utbrotet var på sitt høgste, var det berre helsepersonell eller menneske i risikogruppa som fekk ta ein koronatest. Dei sju som har påvist antistoff i Gol, var altså personar der kommuneoverlegen hadde ein god indikasjon på at det kunne vere snakk om koronasmitte, men som aldri fekk tatt den vanlege prøva.

Les også
Har fått svar på 122 antistoff-prøver: – Stadfestar at det har vore stor smittespreiing

I og med at desse sju hadde indikasjon på smitte, har kommunen heile vegen hatt god kontroll på situasjonen.

– Smitteverntiltak vart gjennomført, og smittekjelda var kjent på desse tilfella, seier han.

Også i Flå har dei justert opp smittetalet, frå ein til to. Den eine har lenge vore kjent, men den andre kom etter antistoffprøver.

Artikkelen held fram under annonsen.

For usikkert?

Nesbyen, Nore og Uvdal og Hemsedal står alle med same smittetal som tidlegare. Det gjer også Ål og Hol - kommuneoverlege Geir Strømmen ønsker ikkje å gjere noko med dei opphavlege smittetala ut frå antistoffprøvene. Han meiner det er for mange grenseverdiar, og at dei dermed ikkje vågar justere talet på smitta ut frå dei nye prøvene.

– Det kan virke forvirrande, seier han.

Les også
Her blir Arve testa som ein av dei første i Norge: – Eg har etterlyst ein slik prøve
Les også
Koronasjuke Arve fekk påvist antistoff: – Eg har ein viss form for immunitet, men kor lenge det varar veit eg lite om