Biletet er tatt under arbeidet med nytt snøoverbygg mellom Myrdal og Hallingskeid tidlegare i sommar.
Biletet er tatt under arbeidet med nytt snøoverbygg mellom Myrdal og Hallingskeid tidlegare i sommar.

Alvorleg skadd på Bergensbanen

Ein mann (28) er alvorleg skadd etter at han fekk 16.000 volt i kroppen under arbeid med eit nytt snøoverbygg ved Hallingskeid.

Det var like etter klokka 05 torsdag morgon at noko gjekk gale under arbeid med eit nytt snøoverbygg på Bergensbanen, to kilometer vest for Hallingskeid i Ulvik kommune.

Frakta til Haukeland

Ein tilsett i Mesta fekk straum i seg etter at han kom i kontakt med ei høgspentleidning med 16.000 volt. 28-åringen fekk førstehjelp på staden og vart frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilstanden til den skadde vart først rekna som kritisk, men torsdag kveld nedjusterte sjukehuset denne til alvorleg skadd.

– Me ser alvorleg på ulykka. Slikt skal ikkje skje, seier Kjell Bakken, mediekontakt for Bane Nor (tidlegare jernbaneverket).

– Kjenner ikkje årsaka

Det er Bane Nor som har ansvar for nasjonal jernbaneinfrastruktur. Mesta er engasjert blant anna i prosjektet med å utbetre banen mot snø.

Når det er sterkstraum involvert er det særlege sikkerheitskrav. Til avisa Hordaland fortel Bakken at det kan få alvorlege konsekvensar berre å kome 40–50 centimeter nær høgspent. Kor nære den skadde kom er usikkert.

– Me kjenner ikkje årsaka. Det vil bli politietterforska. Me ser alvorleg på arbeidsulykker. Me jobbar for at dei ikkje skal skje, seier Bakken. Bane Nor har også sett i gang ei intern undersøking av kva som har skjedd. Også Arbeidstilsynet og Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap er varsla.

Arbeidet ved snøoverbygget vart stoppa inntil vidare på grunn av ulykka. For jernbanetrafikken fekk ulykka ingen konsekvensar. Tog gjekk som normalt forbi strekninga.