Norge er finast frå utsida, men både transportnæringa og reiselivsnæringa er samde om at dei er best tent med ein vegtrase med tunnelar over Hardangervidda.
Norge er finast frå utsida, men både transportnæringa og reiselivsnæringa er samde om at dei er best tent med ein vegtrase med tunnelar over Hardangervidda.

– Alle vil ha tunnel

Sprikande interesser samla seg om eitt felles ønske. Ny trase over Hardangervidda er førsteønsket både til transportnæring, reiseliv, bønder, jegerar og villreininteresser.

Det var konklusjonen etter at Statens vegvesen torsdag samla 40–50 personar frå ulike interessegrupper til ein «veg-verkstad» i Eidfjord.

Samstemt

Vegvesenet har fått i oppdrag frå Samferdselsdepartementet å lage ei konseptvalutgreiing (KVU) om Rv7 over Hardangervidda. Verkstaden i Eidfjord markerte startpunktet for dette arbeidet. Møtet samla politikarar og byråkratar frå Buskerud og Hordaland og kommunane i Hallingdal og Hardanger.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg møttest brukargrupper som ofte har kryssande interesser. Både villreininteresser, natur- og miljøvernarar, reiselivsbedrifter, jegerar, fiskarar, bønder og lastebilsjåførar ønskjer at det blir bygd tunnelar på Vidda. Ulike idear om traseval vart skissert.

– Trass i at det er store interesseforskjellar mellom deltakarane, var alle samstemte om at transportbehov, regionalutvikling, turisme og villrein er best tent med ein ny vegtrase med tunnelar, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Morten Ask.

Fakta først – så politikk

KVU-rapporten skal samle fakta og gjere vurderingar som vil danne grunnlag for politiske vedtak om framtidas veg over Vidda.

Morten Ask i Statens vegvesen er prosjektleiar for KVU Rv7 Hardangervidda.
Morten Ask i Statens vegvesen er prosjektleiar for KVU Rv7 Hardangervidda.
Ordførar i Eidfjord, Anved Johan Tveit, Terje Wangsholm (Norges Jeger- og Fiskerforbund), David Ramslien (Statens vegvesen), Kari Bjørneraas (Miljødirektoratet).
Ordførar i Eidfjord, Anved Johan Tveit, Terje Wangsholm (Norges Jeger- og Fiskerforbund), David Ramslien (Statens vegvesen), Kari Bjørneraas (Miljødirektoratet).
Statens vegvesen skal greie ut nytte og kostnad både ved å byggje tunnelar og ved å flikke på eksisterande veg. Torsdag fekk brukarane av vegen leggje fram sine ønske. – Legg i det minste nytt asfaltdekke, var eitt av innspela.
Statens vegvesen skal greie ut nytte og kostnad både ved å byggje tunnelar og ved å flikke på eksisterande veg. Torsdag fekk brukarane av vegen leggje fram sine ønske. – Legg i det minste nytt asfaltdekke, var eitt av innspela.

– Me skal kartleggje ulike interessegrupper sine vegbehov, gje framlegg til tiltak som kan betre trafikkflyt og situasjonen for villreinen. Me skal vurdere kostnader opp mot samfunnsnytte ved dei ulike tiltaka. Me er difor opptekne av å skilje mellom behov for betre veg og ønskje om ny veg, seier Ask.

– Kva vil ei tunnelløysing koste?

– Det er for tidleg å svare på, men i løpet av hausten skal me vere i stand til å presentere meir kvalifiserte tal, seier han.

– Legg ny asfalt

Sjølv om brukarane primært ønskjer ny veg, skal ikkje rapporten berre vurdere effekten av å byggje ny vegtrase.

– Det er ikkje sikkert at politikarane er villige til å opne pengesekken. Me skal også vurdere samfunnsnytte og kostnader ved mindre tiltak på eksisterande veg, seier Ask.

Artikkelen held fram under annonsen.

Deltakarane på verkstaden vart beden om å kome med innspel til enkle tiltak som kan betre dagens veg. Alle grupper meinte det er behov for ny asfalt over Vidda. Det kom også framlegg om rassikringstiltak og å lette brøytinga ved å lyfte vegbanen i dei mest snørike områda.

* Samferdselsdepartementet har bestilt ei konseptvalutgreiing (KVU) for Rv7 over Hardangervidda.

* Utgreiinga skal kartleggje behovet for ny veg og samle eit faktagrunnlag.

* Både verknaden av å utbetre eksisterande veg og samfunnsnytten av å byggje ein ny vintersikker veg over Hardangervidda Vidda, skal vurderast.

* Statens vegvesen skal sende KVU-rapporten ut på høyring i mai 2015.

* Etter at høyringsrunden er ferdig, vil rapporten bli lagt fram for regjeringa og danne grunnlag for politiske vedtak.