Klokka 13.30 gav politikontakt Pål Mikkelrud ei orientering om situasjonen. Det vart gitt ny informasjon klokka 16.

78 personar vart evakuert på grunn av rasfare - har fått lov å vende heim: – Ikkje fare for nye skred

Alle bebuarar i Breie og Tune fekk beskjed om å evakuere seg sjølv. Sundag kveld kunne dei reise heim - om dei sjølv ville.

– Det er ikkje fare for nye skred. Dei får lov å reise heim, men nokon tek imot tilbodet om å overnatte på hotellet til i morgon, seier ordførar Solveig Vestenfor til Hallingdølen klokka 18.30.

– Eg opplever at dei er takksame for at me evakuerte dei, og eg har fått beskjed om å helse kriseleiinga og seie at dei føler seg tatt vare på. Det er den viktigaste jobben me har.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein geolog reiste sundag ettermiddag inn i terrenget med helikopter for å kartlegge rasfaren. Det var etter denne synfaringa folk fekk grønt lys til å reise heim. Men dei fekk bestemme sjølv - klokka 19 fekk dei servert middag, så var det opp til kvar enkelt å avgjere kor dei ville tilbringe natta.

– Vatnet går ned, og for Ål sin del vil vasstanden truleg i løpet av morgondagen ha gått ned til det nivået det har lege på i det siste, seier Vestenfor.

– Geologen seier elles at rasfaren i Breie og Tune ikkje er større no enn den elles er.

Tvungen evakuering

Bebuarane i Breie og Tune, og enkelte andre husstandar, fekk sms frå kommunen ved 12-tida sundag om at dei skulle evakuere seg sjølv til Thon Hotell. Røde Kors reiste inn i grenda, som vart råka av store ras for nokre veker sidan, for å hjelpe til.

– Dette er ei tvungen evakuering, sa Vestenfor. I alt vart 78 personar evakuert.

Det var ingen akutt fare for nye ras, men om bekkar tok nye vegar frykta kommunen skred.

Ein geolog var ute i terrenget i fleire omgangar sundag. Ål er no på oransje nivå for rasfare, det er karakterisert som ein alvorleg situasjon.

Ifølgje geologen var vassmengda i Breie og Tune omtrent som den har vore den siste tida, mens andre plassar såg det ut til å vere på veg ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seinast sist sundag vart folk evakuert frå denne vegen i Ål sentrum, som er ein avstikkar nedst i Øvre-Ålsvegen. No fløymer vatnet igjen nedover vegen som vart øydelagd under ekstremvêret "Hans".

Trøbbel med nett

Under ekstremvêret Hans for nokre veker sidan forsvann mobildekninga i Ål då folk skulle evakuerast. Denne gongen har det gått betre, men ein basestasjon på Torpo vart meldt å vere nede. Nettet kan derfor vere noko ustabilt mellom Gol og Ål.

– Me er i kontakt med Telenor om dette, seier Vestenfor.

Om nettet skulle ramle ned, vil det kome meldingar via Radio Hallingdal. Frekvensen i Ål sentrum er 106,7.

Slik såg det ut i Gamlevegen i Ål sentrum sundag ettermiddag.

Losne steinar

Laurdag melde kommunen at regnet kan skape utfordringar, særleg i dei områda det gjekk skred tidlegare denne månaden.

– Det kan moglegvis losne nokre lausmassar eller steinar der det gjekk skred under ekstremværet «Hans». Ein bør difor halde avstand til desse skreda, poengterer kommunen.

Ein minner folk på å følgje godt med der bekkane har teke nye vegar og kor det ikkje har vorte utbetra enda. Det er også viktig å halde eksisterande bekkar, stikkrenner og sluk frie.

– Me gjer merksam på at vannstanden i vassdraga kan stige raskt, og ber om at det blir utvist nødvendig aktsemd, skriv Ål kommune.

Det er berre nokre veker sidan ekstremvêret Hans førte til ras og flaum. Sundag voks bekkar til elver, som her ved Tunegrove. Folk på Breie og i Tunegardane, måtte på ny evakuere.
Her er jordrasa som til saman råka tre hus i Breie i Ål for nokre veker sidan.
Stikkrenne under fylkesveg 244, ved Nordbygdvegen 134/137 er tett. Det fløymer vatn nedover vegen og det skaper trøbbel, fortalde Marit Sollien Høgberg sundag ettermiddag.
Stikkrenne under fylkesveg 244, ved Nordbygdvegen 134/137 er tett. Det fløymer vatn nedover vegen og det skaper trøbbel, fortalde Marit Sollien Høgberg sundag ettermiddag.
Den vanlegvis så idylliske Bergstigen i Ål sentrum såg sundag meir ut som ei elv enn ein veg.
Nederst i Øvre-Ålsvegen i Ål sentrum sundag ettermiddag.
Skadene etter ekstremvêret "Hans" synest framleis godt, og sundag hadde igjen vatnet funne nye vegar, som her ved Klokkarbakken i Ål sentrum.
Bekkar i Ål sentrum, som vanlegvis er små og beskjedne, fossar igjen over breiddene sine. Og vatn finn nye vegar, som under ekstremvêret "Hans". Biletet er frå Myrovegen sundag føremiddag.
Skadene etter ekstremvêret "Hans" synest framleis godt, og sundag hadde igjen vatnet funne nye vegar, som her ved Klokkarbakken i Ål sentrum.