Ordførar Solveig Vestenfor og resten av kriseleiinga i Ål har bestemt seg for å forlenge påbodet om munnbind.

Ål forlenger påbodet om munnbind

Kommuneoverlegane i Hallingdal bad kommunane om å halde på munnbind-påbodet nokre veker til. Det har Ål bestemt seg for å gjere.

Kommunen melder laurdag at påbodet, som i utgangspunktet berre skulle vare til og med 3. januar, er utvida med to veker.

Les også
Åtte frå same reisefølgje bekrefta koronasmitta i Hemsedal

Det betyr at fram til 17. januar skal du bruke munnbind i Ål på offentlege stader der du ikkje kan halde ein meter avstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakgrunnen for avgjerda er smittesituasjonen i dalen. Det er framleis ukjent smitte i regionen. Gjennom dei siste vekene har det kome mange nye smittetilfelle i Hol og Ål, pluss nokre få i Gol. Ål, Nesbyen og Flå har ikkje fått nye smitta.

Både i Hol og i Hemsedal har dei erfart å ikkje finne kjelda til enkelte smittetilfelle.

Les også
Ber kommunane halde påbodet om munnbind til 17. januar: – All grunn til å vere bekymra
Les også
To nye smitta i Hol: - Me har truleg smitte på Geilo