Ål folkehøyskole har vurdert andre tilhaldsplassar enn Ål i ein framtidsanalyse. (Arkivfoto)

Ål folkehøyskole vurderer framtida i Ål

Ål folkehøyskole har behov for å nytte den 195 mål store eigedomen meir effektivt. No har dei sendt innspel til Ål kommune med ønske om å bruke eigedomen til hytte- eller bustadføremål.

Ål folkehøyskole og kurssenter for døve har sendt eit innspel til revidert arealplan i Ål kommune, der dei skisserer ulike framtidsplanar for verksemda som alle vil ha betydning for arealbruken.

Les også
Desse vil bli rektor på Ål folkehøgskule

Bakgrunnen er mellom anna at bygningsmassen er stor og økonomisk krevjande å halde ved like. Folkehøgskulen har difor tidlegare i år ferdigstilt ein analyse av ulike framtidsmoglegheiter, der dei også har vurdert andre tilhaldsplassar enn Ål som er meir tilgjengeleg for brukarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre framtidsbilete

Ål folkehøyskole held til på Bakketeigen i Ål kommune og har ein eigedom på om lag 195 mål med 25 bygningar. Hovuddelen av eigedomen er regulert til allmennyttige føremål og den resterande delen til spesialområde (kulturområde og område for bevaringsverdig byggemasse). Det er i alt 170 overnattingsplassar på eigedomen.

Prosessen med å rullere arealplanen omfattar eigentleg ikkje sentrumsnære område som Bakketeigen, men Ål kommune har uttrykt til folkehøgskulen at det likevel kan vere interessant dersom det er aktuelt å regulere området til hytte- eller bustadføremål.

Les også
Folkehøgskulen er på rektorjakt

I analysen er det utarbeidd tre alternative framtidsbilete, der to føreset å framleis vere i Ål, medan eitt føreset flytting. I alle alternativa er det lagt til grunn at eigedomen heilt eller delvis kan avhendast og bli brukt til andre føremål, fyrst og fremst hytte- eller bustadføremål. Det krev reguleringsendring, som er bakgrunnen for at folkehøgskulen har sendt innspelet til Ål kommune.

Vurderer flytting

Styret til folkehøgskulen har ikkje teke stilling til vegen vidare, men ser det vil vere nødvendig å effektivisere bruken av areal.

Styreleiar Sonja Myhre Holten for Ål folkehøgskule ønsker ikkje å utdjupe saka vidare, men skriv følgjande i ein mail:

– Me er i ein utgreiings- og undersøkingsfase kor me ser på alle høve for kva som er best for folkehøgskulen. Folkehøgskulen undersøker korleis den store eigedomen kan bli brukt meir effektivt. Det kan også vere aktuelt å vurdere ein mogleg flytting av folkehøgskulen ein annan stad, men så langt er dette berre eit teoretisk spørsmål. Styret vil bruke den tida me treng og har ikkje teke nokon avgjerder i denne saka.

– Enormt viktig arbeidsplass

Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) understrekar at Ål kommune vil gjere det dei kan for at folkehøgskulen blir verande i Ål.

– I samfunnsdelen i arealplanen står Ål folkehøyskole spesifikt nemnt. Me vil legge til rette for vidare drift der. Det er ein enormt viktig arbeidsplass for Ål. Ikkje minst er det teiknspråklege ein viktig del av dna-et i lokalsamfunnet, seier ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho håpar skulen legg vekt på den faglege kompetansen som har etablert seg i Ål.

– Veldig mange som jobbar der er ålingar, så me håpar dei tek omsyn til det. Eg har vore i kontakt med mange som kjenner Ål nettopp på grunn av Bakketeigen. Dei understrekar at å kunne møtest der som forelder, elev eller for å lære teiknspråk, gjer at Ål blir spesielt for alle som er engasjert i det miljøet.

Les også
Ei annleis skuleavslutning

Det er ein viktig verdi i Ål-samfunnet og for det teiknspråklege miljøet i Norge, held Vestenfor fram.

– Det er ikkje så mange plassar i Norge der handelsstanden er så gode til å bytte over til teikn som her. Anten ein jobbar i klesbutikk eller i kassa på Kiwi, kjem det ikkje overraskande når det kjem folk som bruker teikn. Det gjer rom for at folk kan vere den dei er.

Kommunen har gitt tilbakemelding om at dei vil leggje til rette og vere ein bidragsytar, slik at folkehøgskulen held fram med å vere i Ål.

- Mange folkehøgskular har vore nøydd til å gjere endringar sidan dei vart etablert, og mange har selt areal og rigga om på nytt. Me har forståing for at dei må gjere grep for å vere berekraftig framover, men me håpar at det vil vere i Ål, avsluttar ordføraren.