– Køyr på, seier NAV-leiar i Gol Bjørn Skjelseth. Etter halvanna år med aktivitetsplikt rår han andre kommunar til å ta verktøyet i bruk. Det er til god hjelp både for brukarar og kommuneøkonomien, seier han.
– Køyr på, seier NAV-leiar i Gol Bjørn Skjelseth. Etter halvanna år med aktivitetsplikt rår han andre kommunar til å ta verktøyet i bruk. Det er til god hjelp både for brukarar og kommuneøkonomien, seier han.

– Aktivitetsplikt er bra for alle partar

Tre av ti sosialhjelpsmottakarar på Gol slutta å ta imot sosialhjelp då dei vart møtt med aktivitetsplikt.

Etter halvtanna år med aktivitetsplikt er Bjørn Skjelseth, NAV-leiar i Gol, klar i sine råd til kommunar som ikkje har innført ordninga:

– Det er berre å køyre på. Me veit at aktivitetsplikt og klare krav og forventningar verkar, både for den enkelte og for kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre av ti

Sjølv om både forsøksperioden og omfanget er avgrensa, kan ein vise til at tre av ti sosialhjelpsmottakarar har slutta å få økonomisk sosialhjelp frå NAV når det blir stilt krav om aktivitetsplikt. Av 38 brukarar har seks gått over i arbeid eller utdanning.

NAV hadde ein nedgang i utbetalingane i 2016 på vel 400.000 kroner, eller nær 7 prosent. Det er også færre som får sosialhjelp.

Fersk ordning

Som Hallingdølen omtala tysdag, vil aktivitetsplikt frå og med i år bli innført i alle landets kommunar.

Det har også tidlegare vore høve til å ta verkemiddelet i bruk, men frå og med i år er det eit krav.

Reint formelt har styremaktene ikkje endra lovteksten enno, og fylkesmannen har varsla at det vil bli gitt opplæring i løpet av 2017. Men Skjelseth er viss på at det at det kjem.

Skjelseth er uansett overtydd om at ordninga er positiv både for sosialhjelpsmottakarane og kommuneøkonomien. I 2014 hadde Gol 156 mottakarar av sosialhjelp. Kostnaden var på sju millionar kroner. Dei førebelse tala for 2016 syner 146 mottakarar og utgifter på 5,5 millionar.

– Korleis forklarar du endringane?

– Med aktivitetsplikt, heilt klart. Undersøkingar viser stor skilnad på lausare motivasjonskurs og klart arbeidsretta tiltak. Det siste gir betre overgang til arbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå innføringa i april 2015 til juli 2016 fekk 38 personar krav om ei form for aktivitet. 14 (36 prosent) av desse kom i aktive tiltak (jobb, arbeidsretta tiltak i regi av NAV, utdanning eller medisinsk behandling).

For åtte personar (21 prosent) førte aktivitetsplikt til at dei ikkje møtte opp, og dermed fekk dei heller ikkje utbetalt stønad. Tre av desse igjen (37 prosent) gjekk i staden over i arbeid.

Om ein tek med desse åtte kan ein si at heile 14 av 38 personar slutta å vere passive mottakarar av økonomisk sosialhjelp.

Sju av ti er menn

Ordninga skal i hovudsak gjelde personar under 30 år. NAV vurderer i kvart enkelt tilfelle kva type aktivitet som kan vere aktuell.

Av dei 38 som har blitt møtt med aktivitetsplikt, er fleirtalet menn (69 prosent), likt fordelt mellom norske og utanlandske statsborgarar. 42 prosent er under 25 år. Dei har i snitt vore i tiltak i sju-åtte veker.

– Det er ikkje snakk om å stå i dette i lang tid. Intensjonen er å klare å skape eit grunnlag for arbeid, seier Skjelseth.

– Er det ei ressurskrevjande ordning?

– Det er mogeleg å få det til innan eksisterande rammer fordi ein sparer på utbetalingane. Me har avtale med Fretex. Andre kommunar gjer det kanskje i eigen regi, seier NAV-leiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

* År 2014 2015 2016* (førebels)

* Brukarar 156 164 146*

* Kostnad (mill.kr) 7,0 6,0 5,5*